Arealplanen klar for siste handsaming

Det omfattande arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen for Fusa er ferdig. Høyringsinstansane har sagt sitt. Arealplanen skal no handsamast av Utval for plan og miljø 1. oktober og kommunestyret 15. oktober. Kommunestyret har ansvar for eigengodkjenninga. 

 Arealdelen av kommuneplanen

Alle kommunar skal ha ein kommuneplan (jf. PBL § 11) som består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Fusa kommune sin samfunnsdel for 2011-2023 - "Fusa - midt i blinken" - vart vedteken i 2011. Førre arealdel vart vedteken i 2006, og arbeidet med ny arealplan starta i 2012.

Arealdelen konkretiserer dei arealmessige konsekvensane av samfunnsdelen. Arealplanen består av planomtale, plankart, føresegner og retningslinjer: 

  • Planomtalen er eit retningsgjevande dokument som gjer greie for tankane rundt arealplanen og arbeidet med den.
  • Plankartet er juridisk bindande etter vedtak.
  • Føresegnene er juridisk bindande etter vedtak.
  • Retningslinjene er ikkje juridisk bindande.

Det endelege framlegget til arealplan som no ligg føre er gjeldande for 2015-2027. Arealplanen vert godkjend for 12 år og kan rullerast ved behov.

Omfattande prosess

Det har i løpet av arbeidet med arealplanen vore gjennomført arbeidsmøte med Utval for plan og miljø (UPM), to folkemøte, eit informasjonsmøte og to møte i planforum i Hordaland i tillegg til ei rekkje tverrfaglege arbeidsmøte i Fusa kommune. Det har vore brei administrativ medverknad gjennom heile prosessen, og arealplanen er godt forankra i planprogram (frå 2013) og samfunnsdel (2011).

Konsulentar har gjennomført funksjonell strandsonekartlegging, og konsekvensutgreiing og ROS-analysar av alle føreslåtte potensielle nye byggeområde i Fusa. Desse dokumenta har vore nytta som kunnskapsgrunnlag i arbeidet med arealplanen.

Kommunestyret vedtok 18. juni i år å leggja framlegget til arealplan 2015-2027 ut på høyring og til offentleg ettersyn, jf. PBL § 11-14. Høyringsfristen var sett til 20. august.

Høyringsuttalar

Det kom inn om lag 60 uttalar frå offentlege høyringsinstansar, privatpersonar, lag og organisasjonar. Fusa kommune var i dialogmøte med fylkesmannen i Hordaland 2. september og drøfta eventuelle motsegnspunkt og endringar til planframlegget. Alle innkomne uttalar og rådmannen sin gjennomgang og vurdering av dei ligg som vedlegg til saka (PDF, 22 MB).

Motsegnspunkt frå høyringsinstansane er tekne til følgje i det endelege planframlegget. Det føreligg ikkje framlegg til ny arealbruk som ikkje har vore gjenstand for høyring.

Akvakultur

Akvakultur er teke ut av planen som tema til rullering og nye område er ikkje del av planframlegget. Dette fordi konsekvensutgreiingane ikkje var tilfredsstillande gjennomført og såleis ikkje vart godkjende. Etter dialog med fylkesmannen vart det klart at det er behov for å handsama akvakultur som tema på ein meir tilfredsstillande måte.

Framlegg til vedtak

Rådmannen rår til at Fusa kommune vedtek arealplanen 2015-2027 slik den ligg føre med plankart, planomtale, føresegner og retningslinjer datert 16.09.2015 - med heimel i Plan- og bygningslova (PBL) § 11-15. Rådmannen tilrår vidare at Fusa kommune vidarefører akvakultur uendra frå arealplanen 2006-2016, og at akvakultur som tema skal rullerast som eigen delplan eller i interkommunalt samarbeid, med oppstart innan utgangen av 2016.

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30