Arealplanarbeidet skal i gang

På neste møte i Utval for plan og miljø (UPM) 21.02.2013 skal politikarane vedta organisering og tidsskjema for arbeidet med å rullera arealdelen av kommuneplanen. Sist veke hadde kommunestyret opplæring i arealplanarbeid. Tidlegare ordførar i Øygarden Olav Martin Vik var rettleiar. Det er lagt opp til at UPM skal vera politisk styringsgruppe, og det ambisiøse målet er å ha arealplanen ferdig sommaren 2015.
 

Heilskapsansvar

Olav Martin Vik minna om at kommunestyret er lokal planmyndigheit, som eig vedteken plan og må stå til rette for den både overfor eigne innbyggjarar og statlege styresmakter. Han understreka at politikarane i Fusa er pålagt ansvar for å avvega lokale, regionale og nasjonale omsyn og interesser.

Ved å ta dette heilskapsansvaret på alvor, kan kommunen utvikla eit lokalt handlingsrom i arealplanlegginga til beste for lokalsamfunnet.

Samarbeid

 

Fusa kommune har tilsett ein arealplanleggjar, Helle Holte Bruland, frå 1. oktober 2012. Ho skal vera prosjektleiar for arealplanarbeidet.

Det er viktig at politikarar og administrasjon spelar på lag for å få framdrift i planarbeidet, understreka Vik. Og det er viktig å få ein god dialog med statlege styresmakter tidleg i planarbeidet for å unngå innsigelsar som seinkar arbeidet.


Innbyggjarmedverknad

Medverknad og engasjement frå innbyggjarane er svært viktig i arbeidet med arealplanen. Det kjem til å verta kunngjort både på heimesida og i lokalavisa når og korleis ein ønskjer innspel - følg med framover!

Steg 2: Plantema

Neste steg på vegen mot ny arealplan er å bestemma kva tema det skal fokuserast på. Etter nærare utgreiing og diskusjonar både administrativt og politisk, skal det fastsetjast av UPM på deira møte 25.4.2013. Plantema, organisering og framdrift utgjer planprogrammet for arealplanen, og dette skal deretter sendast ut på høyring.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30