Arealplan 2015-2027 er vedteken

Kommunestyret vedtok 15. oktober 2015 kommuneplanen sin arealdel med plankart, planomtale, føresegner og retningslinjer datert 16.09.2015 - med heimel i Plan- og bygningslova (PBL) § 11-15. Arealplanen er gjeldande i tidsrommet 2015-2027, men kan rullerast ved behov. 

Arealdelen av kommuneplanen

Alle kommunar skal ha ein kommuneplan (jf. PBL § 11) som består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Fusa kommune sin samfunnsdel for 2011-2023 - "Fusa - midt i blinken" - vart vedteken i 2011. Førre arealdel vart vedteken i 2006, og arbeidet med ny arealplan starta i 2012.

Arealdelen konkretiserer dei arealmessige konsekvensane av samfunnsdelen. Arealplanen består av planomtale, plankart, føresegner og retningslinjer: 

  • Planomtalen er eit retningsgjevande dokument som gjer greie for tankane rundt arealplanen og arbeidet med den.
  • Plankartet er juridisk bindande etter vedtak.
  • Føresegnene er juridisk bindande etter vedtak.
  • Retningslinjene er ikkje juridisk bindande.

Det endelege framlegget til arealplan som no ligg føre, er gjeldande for 2015-2027. Arealplanen vert godkjend for 12 år og kan rullerast ved behov. 

Akvakultur

Akvakultur er teke ut av planen som tema til rullering fordi konsekvensutgreiingane ikkje var tilfredsstillande gjennomført og såleis ikkje vart godkjende. Fusa kommune vidarefører difor førebels akvakultur uendra frå arealplanen 2006-2016, men akvakultur som tema skal rullerast som eigen kommunedelplan eller i interkommunalt samarbeid i 2016.

Arealplanen:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.11.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30