Ny arealplan for Fusa kommune

Alle kommunar skal ha ein kommuneplan som består av både ein samfunnsdel og ein arealdel. På denne sida finn du informasjon om arbeidet med ny arealplan, som vart vedteken av kommunestyret 15. oktober 2015.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.11.2015
Arealplan
(18.11.2015)

Kommunestyret vedtok 15. oktober 2015 kommuneplanen sin arealdel med plankart, planomtale, føresegner og retningslinjer datert 16.09.2015 - med heimel i Plan- og bygningslova (PBL) § 11-15. Arealplanen er gjeldande i tidsrommet 2015-2027, men kan rullerast ved behov. 

(23.09.2015)

Det omfattande arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen for Fusa er ferdig. Høyringsinstansane har sagt sitt. Arealplanen skal no handsamast av Utval for plan og miljø 1. oktober og kommunestyret 15. oktober. Kommunestyret har ansvar for eigengodkjenninga. 

(30.06.2015)

Forslag til fellesrapport for Interkommunal stransoneplan for Sunnhordland og Fusa vert med dette lagt ut på offentleg høyring. Høyringsfrist: 1. oktober.

(29.06.2015)

Fusa kommunestyre vedtok 18. juni å leggja framlegget til arealplan med plankart, planomtale, føresegner og retningsliner ut til offentleg ettersyn. Høyringsfrist: 20. august.  

(04.06.2015)

Det er utarbeidd høyringsforslag til Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger, og planen er lagt ut på høyring etter vedtak i Hordaland fylkesutval. Høyringsfristen er 1. oktober. Planområdet omfattar sjøareal og strandsone i 11 kommunar inkl. Fusa.

(22.05.2015)

Framlegget til kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 er klar for politisk behandling i råd og utval i byrjinga av juni. Kommunestyret fattar vedtak om arealplanen skal leggjast ut på offentleg høyring i møtet 18. juni. Arealplanen består av planomtale, plankart, føresegner og retningsliner. Sjå dokumenta i toppartikkelen.

(16.03.2015)

Det vert orienteringsmøte som del av arealplanarbeidet for Utval for plan og miljø (UPM) torsdag 19. mars kl 9-15 i Kommunetunet i Eikelandsosen. Møtet er eit framhald av UPM-møtet 3.3. På dagsorden står planomtale, føresegner og retningslinjer, som no er under arbeid. Møtet er ope.

(25.02.2015)

Utval for plan og miljø (UPM) skal gå gjennom tilrådingane frå Asplan Viak si konsekvensutgreiing (KU) og ROS på eit arbeidsmøte 3. mars. På bakgrunn av desse og signal frå politikarane vert det på nytt ei prioritering av kva som skal inn i det endelege plankartet. Arbeidet med å laga planomtale, føresegner og retningslinjer er òg i gang. Det vert òg tema på arbeidsmøtet. 

(19.02.2015)

Framdriftsplanen for arebidet med ny arealplan er forskyvd pga av forseinkingane i KU- og ROS-arbeidet.

(19.02.2015)

Konsulentfirmaet Asplan Viak har avslutta sitt arbeid med å konsekvensutgreia om lag 100 innspel, som UPM i juni 2014 valde å ta med vidare i planprosessen. I dag 19. februar får Utval for plan og miljø (UPM) ei orientering om resultatet av dette arbeidet og den vidare framdrifta.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30