Lokaldemokrati

I 1837 fekk lokalstyret i Noreg si "grunnlov" med dei såkalla formannskapslovene. Med dei vart det lokale sjølvstyret gjennomført som prinsipp i heile landet.

Vi fekk folkevalde kommunestyre og formannskap som lokale "storting" og "regjeringar", og folkevalde ordførarar som den øvste lokale myndigheitspersonen. Gjennom val kvart 4. år har innbyggjarane høve til å bestemma kven som skal styra kommunen.


Geografi og parti

Fusa har ikkje lange tradisjonar for partipolitisk arbeid. Her har det vore vanleg med bygdelister. Det første reine partivalet var i 1967. Også etter den tid har upolitiske lister spela ei viktig rolle i lokalpolitikken i Fusa, og geografi har gjerne vore viktigare enn parti.


Kommunar

Prestegjelda låg til grunn for den første geografiske inndelinga av kommunane, men grensene har endra seg fleire gonger sidan 1837.

  • Fusa var i starten del av storkommunen Ous saman med Os og Samnanger.

  • I 1855 vart Fusa eigen kommune.

  • I 1903 vart kommunen delt i Strandvik, Fusa og Hålandsdal herad.

  • Desse tre vart slått saman att til Fusa kommune i 1964.

I 2012 har vi 429 kommunar i Noreg. I tillegg har vi 19 fylke eller såkalla fylkeskommunar, som er forvaltningsnivået mellom staten og kommunane.


Kommunalt ansvar og inntekter

Kommunane har ansvar for ei rekkje basisoppgåver som grunnskule, skulefritidsordning, barnehagar, barnevern, primærhelsetenester, pleie- og omsorgstenester, rehabiliteringstenester, kulturtenester, sosiale tenester, arealplanlegging og tekniske tenester.

Kommunane får inntektene sine dels gjennom eigne skattar og avgifter og eiga forretningsdrift, og dels gjennom overføringar frå staten.


Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.02.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30