Søkja stilling i Fusa kommune?

Her finn du generelle vilkår som gjeld for ALLE stillingar i Fusa kommune.

Der ikkje anna er oppgitt gjeld også følgjande:

  • personlege eigenskapar vert vektlagd
  • tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, etter gjeldande reglement, lov- og avtaleverk
  • du vert tilsett i Fusa kommune med arbeidsstad for tida i den eininga som går fram av utlysingsteksten
  • alle tilsette skal arbeida i tråd med verdigrunnlaget vårt R-O-M-S-L-E-G (PDF, 122 kB), som står for kjerneverdiane Respekt, omsorg, modig, samarbeid, løysingsorientert, engasjert og godt humør
  • gyldig politiattest vert kravd etter gjeldande retningslinjer i arbeid med born og psykisk utvklingshemma
  • arbeidsområde, oppmøtestad m.m. kan verta endra
  • vikariat og engasjement kan verta forlenga og i nokre tilfelle verta faste
  • arbeidstakarar må ha førarkort og disponera bil. Unntak kan verta gjort for ferievikarar
  • for tenestereiser arbeidstakar føretek for arbeidsgjevar, gjeld til ei kvar tid det kommunale reiseregulativ sine føresegner og satsar
  • ein kan kombinera stillingar der tilhøva ligg til rette for det, etter vurdering frå arbeidsgjevar
  • stillinga kan verta delt opp etter vurdering frå arbeidsgjevar
  • ved intern tilsetjing, kan det verta ledig anna fast stilling, vikariat eller engasjement i Fusa kommune. Dersom du er søkjar til ei slik stilling, må det gå fram av søknaden din. Det kan også verta ledige vikariat, og vi treng tilkallingsvikarar i kommunen.

 

Politiattest:

  • For nytilsette i skule, SFO og barnehage gjeld tilsettinga først når Fusa kommune har fått tilsendt gyldig politiattest av ny dato, jf Opplæringslova § 10-9.
  • For nytilsette som skal arbeida med psykisk utviklingshemma/barn og yngre personar, t.d. innan sosialtenesta og kommunehelsetenesta m.fl., vil det som hovudregel vera krav om gyldig politiattest av ny dato, jf helsepersonelllova 20 A.

 

Søknad skal sendast inn elektronisk

  • Det må framgå av søknaden kva stilling du søkjer på. 
  • Digital kopi av attestar og vitnemål kan leggjast ved elektronisk søknad.

 

Dersom noko er uklart, kan du senda ein e-post til postkasse@fusa.kommune.no eller ta kontakt med ekspedisjonen i Kommunetunet på tlf. 56 58 01 00.

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 17.07.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30