Ledige stillingar i Fusa kommune

Nedanfor finn du dei stillingane som er ledige i kommunen vår no. 

Kort om Fusa kommune

Fusa kommune ligg sentralt plassert i Bjørnefjordsregionen midt i Hordaland, ein knapp times reise frå Bergen. Vi har ca 3 800 innb., god plass, full barnehagedekning og skuletilbod som omfattar vidaregåande skule. Frå naturen si side ligg alt til rette for å leva aktive liv innanfor grøne rammer, frå sjø til snø.

Verdigrunnlaget vårt er ROMSLEG (PDF, 122 kB).

Ver obs på følgjande når du skal søkja stilling:

  • vi lyser ut stillingane våre gjennom rekrutteringsportalen WebCruiter, og søknader skal fyllast ut og sendast inn elektronisk der
  • lenke til søknadsskjema finn du i stillingsannonsane
  • du kan registrera personopplysningane dine i CV-databasen her
  • Fusa kommune kan diverre ikkje ta imot opne søknader
  • tilsetjingar i kommunen skjer på dei vilkår som til kvar tid går fram av gjeldande lover, regelverk og tariffavtale - sjå generelle vilkår for å søkja stilling i Fusa kommune
  • opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista

 

Du er velkommen til å søkja stilling i Fusa kommune!

 

Har du spørsmål, kan du senda ein e-post til post@fusa.kommune.no eller ta kontakt med ekspedisjonen i Kommunetunet på tlf. 56 58 01 00.

Ledige oppdrag:

Ledige stillingar:

 

Ringevikar: Det er alltid behov for ringevikarar i barnehagane og skulane. Ta kontakt direkte med den enkelte barnehage eller skule.

Personalrådgjevar - Kommunane Fusa og Os skal slå seg saman frå 1.1.2020. Som ein del av førebuingsarbeidet i samband med samanslåinga har styringsgruppa for samanslåinga vedtatt at det vert lyst ut ei stilling som personalrådgjevar. Søk på stillinga. Søknadsfrist 12.02.17.

Rådmann Vi søkjer ein heilskapstenkjande og strategisk rådmann. Arbeidsforma byggjer på trepartssamarbeid, og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner vil vera avgjerande for utvikling av eit godt lagspel. Søkjarar må ha erfaring frå økonomistyring i større organisasjon i næringslivet eller offentleg sektor, og god kjennskap til kommunal verksemd. Du må ha relevant høgare utdanning og gode resultat frå tidlegare leiarstilling. Vi tilbyr inspirerande utfordringar, der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ei sentral rolle i kommunen si vidare utvikling.

Du er velkommen til å kontakta rådgjevararar i Headvisor, Rune M. Bruket 97138423/
Jan Tveit 97539990 eller ordførar Atle Kvåle, 91735602. Søknad med CV snarast, og innan 19. mars via stillingar på www.headvisor.no

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30