Val 2019

I år er det kommunestyre- og fylkestingsval måndag 9. september. Innbyggjarane i Fusa skal stemma på kommunestyre for nye Bjørnafjorden kommune og fylkesting for nye Vestland fylke.

For å kunna stemma ved valet må du ha stemmerett og vera manntalsført.

Frå og med måndag 12. august og til og med fredag 6. september er det mogleg å førehandsstemma.

Perioden for tidlegrøysting er 3. juli-9. august. Då kan du berre stemma på parti, ikkje på personar.

Som innbyggjar i komande Bjørnafjorden kommune, kan du før valdagen stemma anten i Kommunetunet i Eikelandsosen eller i rådhuset i Os. Hugs å ta med legitimasjon.

Viktige snarvegar

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.06.2019
Val 2019
(12.08.2019)

Den vanlege førehandsrøystinga startar i dag 12. august og varer til og med 6. september. I Kommunetunet i Eikelandsosen kan du stemma måndag-fredag klokka 9-15. I tillegg vert det utvida opningstid nokre dagar. 

(29.07.2019)

Om du ikkje har høve til å stemma i den ordinære perioden for førehandsrøysting eller på valdagen, kan du nytta høvet allereie no i Kommunetunet i Eikelandsosen eller på Rådhuset i Os. Tidleg førehandsstemming er eit tilbod for å sikra at alle veljarar som ønskjer det, skal få avgi stemme.

(29.07.2019)

For å kunna stemma ved valet til kommunestyret i Bjørnafjorden kommune og fylkestinget i Vestland fylke må du stå i manntalet. Manntalet er ei liste over alle som har stemmerett ved val i Noreg. Det er ikkje nødvendig å registrera seg eller på nokon måte melda seg inn i manntalet – alle som har stemmerett er manntalsført.

(18.06.2019)

Visste du at du kan stemma frå 3. juli? Dersom du ikkje har høve til å stemma på sjølve valdagen 9. september, eller i den ordinære perioden for førehandsrøysting 12. august-6. september, er det råd å tidlegrøysta.

(17.06.2019)

Ni parti stiller lister ved det første valet til Bjørnafjorden kommunestyre. Du finn dei godkjende vallistene for dei ni politiske partia på Bjørnafjordsbloggen. 

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30