Nytt frå landbrukskontoret

På denne sida vil Bjørnefjorden landbrukskontor med ujamne mellomrom publisera nyhende. Det kan vera t.d. informasjon om arrangement, viktige fristar eller informasjonsskriv til bøndene.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.10.2013
Nytt frå landbrukskontoret
(22.03.2017)

Frist for å søkje SMIL-midlar for 2017 er 1. april. Søknadsskjema finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

(23.01.2017)

10.-11. februar 2017 blir det arrangert motorsagkurs i Fusa.

Kursavgift: 2070,-. Deltakarar under 18 år får kr. 500,- i tilskot frå skogeigarlaget.

Påmelding: tlfnr 971 94 200 eller magne.gjuvsland@fusi.no innan måndag 6. februar.

Arr: Midthordland Skogeigarlag/Aktivt Skogbruk

Oseana kunst- og kultursenter
(23.01.2017)

Torsdag 2. februar er det stor mønstring av lokal matkultur i Oseana kunst- og kultursenter. Både produsentar, foredlarar og seljarar er inviterte til det som har fått prosjektnamnet Bjørnafjorden matkultur. Sjå kva Midtsiden skriv.

(03.10.2016)

Midthordland skogeigarlag arrangerer skogdag laurdag 8. oktober kl 13-16. Tema er drift av taubane og tømmerprisar/økonomi. Skogdagen finn stad i Eidesåsen på Os. Det er merka både frå Hatvikvegen og Hegglandsdalsvegen. Servering av kaffi. Velkommen!

(13.06.2016)

Fylkesmannen i Hordaland sitt "Landskap i drift-prosjekt" har kr 500 000 att til rydding og inngjerding av større, samanhengande beiteområde. Frist for å senda inn skisse er 4. juli 2016Sjå meir informasjon!

(01.06.2016)
Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om tilskot til utsiktsrydding i landbruket sitt kulturlandskap. 20 millionar kroner er sett av til utsiktsrydding i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Les meir på Fylkesmannen i Hordaland sine nettsider!
(07.04.2016)

Foretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidligare er grøfta, kan søkja om tilskot til drenering. Eigar av jordbruksareal som vert leigd ut, kan òg få tilskot. For planerte areal kan det i tillegg verta gitt tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare. Informasjon, søknadsskjema og dreneringsplan finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Martin Skram Vatne er sakshandsamar for dreneringssakene hjå Bjørnefjorden landbrukskontor og kan kontaktast på tlf 56 58 01 45, mobil 95726832 ved spørsmål.

(22.03.2016)

Fristen for å søkja om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er 1. april. Bruk søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Søknader vert handsama etter den lokale SMIL-strategien (PDF, 959 kB)

(21.03.2016)

Skogsamvirket på Vestlandet Vestskog SA ønskjer å setja fokus på effektiv og miljøvenøeg tømmertransport på Vestlandet, og særleg på kommunale og fylkeskommunale vegar. 12. april skipar dei til fagdag med dette som tema. Sjå invitasjon og meir info (PDF, 343 kB).

Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30