Kunngjering av eigedomsskatten for 2014

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2014 vert ei eigedomsskatteliste lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen til Fusa kommune i Kommunetunet i Eikelandsosen i tre veker frå 28. februar 2014.

Utlagt liste syner dei skattepliktige eigedomane med opplysning om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen og utrekna eigedomsskattebeløp.

Kommunestyret har for 2014 vedteke botnfrådrag med kr 150 000 for bebygde bustad- og fritidseigedomar.

Klage

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årleg utskrivne eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Klagen må setjast fram skriftleg og underteiknast. Klagefrist er innan fredag 11. april 2014.

Eigedomsskatten må betalast sjølv om det er sendt klage. Eventuelt for mykje innbetalt skatt vil verta attendebetalt dersom skatten vert redusert.

Klage skal sendast til: Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

eller pr e-post til postkasse@fusa.kommune.no

Skattesats

Satsen for eigedomsskatt er fastsett til 7 promille. Det vert gjort unntak for ubygde tomtar, naust, bustad og fritidseigedomar som vert gitt ein reduksjon på 5 promille, slik at skattesats for slike eigedomar er 2 promille.

Nye husvære til bustadføremål vil få fritak frå eigedomsskatt i inntil 10 år. Fritaket vert gitt frå 1. januar året etter ferdigstilling av husværet (etter at det er gitt mellombels bruksløyve/ferdigattest). Dette gjeld nye husvære ferdige frå 01.01. 2004. 

Søknad om fritak

I medhald av Eigedomsskattelova § 7 er det høve til å søkja om heilt eller delvis fritak for eigedomsskatt. Kommunestyret vedtok i budsjettmøtet 17.12.2013 (K-sak 055/13) at det i 2014 skal gjevast fritak til:

  1. Samfunnshus,  ungdomshus, grendahus, idrettsanlegg, Hålandsdalen Leirskole, Vinnes barnehage og Vinnes Friskule (§ 7 a).
  2. Bygningar som har historisk verde og som kommunestyret tidlegare har gitt fritak frå eigedomsskatt (§ 7 b).

Eigedommar som tidlegare har fått innvilga fritak, treng ikkje senda inn ny søknad for 2014. Dersom det vert gitt fritak, skal eigar informera Fusa kommune dersom drifta opphøyrer eller vert endra frå opprinneleg formål.

Frist for å søkja om fritak: innan 11. april 2014.

Betaling

Eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar:

  • 1. forfall  25. mars 2014
  • 2. forfall  25. november 2014

 

Meir informasjon om eigedomsskatten og svar på ofte stilte spørsmål finn du på informasjonssida vår om eigedomsskatt.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.02.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30