Tilskot til drift av beitelag

Det er lyst ut regionale tilskot til drift av beitelag for 2013 med søknadsfrist 15. november. Ordninga er del av dei regionale miljøtilskota i Hordaland og har heimel i forskrift om tilskot frå Regionalt miljøprogram (RMP). Beitelaga v/leiar skal søkja elektronisk via Altinn. 

Systemet er nytt, og det inneber nokre endringar i høve til tidlegare:

  • Søknaden går vidare til kommunen der beitelagsleiaren har si adresse. Tidlegare har det alltid vore kommunen der beitelaget har si adresse som har handsama søknaden, men slik vert det altså ikkje i år.
  • Det er òg nytt i år at alle beitedyr skal registrerast på garden sitt organisasjonsnummer - ikkje på eigar sitt personnr. som tidlegare.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.10.2013
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30