Søk regionalt miljøtilskot og tilskot til organisert beitebruk elektronisk

Fristen for å søkja regionalt miljøtilskot er 20.09.2014 og fristen for å søkja tilskot til organisert beitebruk i landbruket er 15.11.2014. Dersom du søkte om miljøtilskot i fjor, elektronisk eller på papir, vil du i søknaden i år få spørsmål om du ynskjer å gjenbruka dei kartteikningane som sakshandsamar godkjende i fjor. Det gjer det enklare å søkja. Treng du hjelp med søknaden kan Bjørnefjorden landbrukskontor som vanleg gje rettleiing i opningstida.

Elektronisk søknad kan du raskt og trygt levera her

Det er enkelt å søkja riktig tilskot for din gard. Det er trygt å levera søknad på internett, og du får raskt tilbakemelding på om du har fylt ut skjemaet riktig. Du kan endra på opplysningane etterpå, og leggja inn nye tiltak. Opplysningane du legg inn i søknaden i år kan hentast fram igjen til neste år.

Sjå sidene «Hvordan søke?» hos Landbruksdirektoratet for meir informasjon.

I Fylkesmannen sin rettleiar for regionalt miljøtilskot finn du meir informasjon om tiltaka.

Søknad på papir

Dersom du har svært langsam internettilkopling, kan det vera betre å søkja på papir. Skjema finn du på Fylkesmannen sine nettsider. Hugs at du då må ha kart som vedlegg.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.08.2014
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30