Motorsagkurs i Fusa og Os

Midthordland skogeigarlag arrangerer to helgekurs i motorsagarbeid i vinter: Eitt i Fusa og eitt i Os. Kurset i Fusa vert 23.-24. januar med påmeldingsfrist 16. januar. Kurset i Os vert 20.-21. februar med påmeldingsfrist 13. februar.

Kursa har instruktør frå Aktivt Skogbruk og gjev dokumentert sikkerheitsopplæring for motorsag. Meir informasjon finn du på Skogkurs sine sider.

  • Aldersgrense: 15 år
  • Pris: Kr 1 940
  • Tilskot: Midthordland Skogeigarlag gjev eit tilskot på kr 500 for deltakarar under 18 år.

Tid og stad

23.-24.1. i Fusa - start fredag kl 16.30: Stell og vedlikehald hos Holmefjord Skog&Hage. Laurdag: Praksis i skogen hos Magne Gjuvsland, Djupvik på Fusahalvøya.

20.-21.2. i Os hos Helge Bøe. Start fredag kl 16.30.

Påmelding

Påmelding til Magne Gjuvsland

Påmeldingsfristar:

  • Kurset i Fusa: 16.1.2015
  • Kurset i Os: 13.2.2015
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.01.2015
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30