Markdag: Utmark som ressurs - skjøtsel og økonomi

Fadderprosjektet til Landbruksavdelinga ved Fylkesmannen i Hordaland arrangerer markdag søndag 30. august. Tema: "Utmark som ressurs - Skjøtsel og økonomi". Stad: Varegga grunneigarlag sine beite utanfor Bergen. Oppmøte på Haukeland. 

Her vil det verta gitt ei praktisk innføring i kva som skal til for å rydda og halda utmarka i hevd, kor arbeidskrevjande det vil vera og kva økonomiske fordelar ein kan ha av det. Det vert òg informert om regelverk i samband med det å ha dyr i utmark.

 

Med på laget denne dagen er:

  • Kjell Aardal, storfe- og sauebonde, vert
  • Svein Haavik, sauebonde og leiar i Varegga grunneigarlag, vert
  • Bastian Hoffmann, leiar for Fadderprosjektet 
  • Karluf Håkull, rådgivar hos Nortura
  • Arve Viken, veterinær hos Mattilsynet
  • Leif Trygve Berge, rådgivar hos Norsk Landbruksrådgiving Hordaland
  • Gunnlaug Røthe, rådgivar hos Norsk Landbruksrådgiving Hordaland

Snarveg:

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.08.2015
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30