Kurs i praktisk HMS-arbeid

Norsk Landbruksrådgiving Hordaland arrangerer kurs i Rosendal i oktober i HMS-arbeid - skreddarsydd for landbruket. Kurset gir ei grundig og grunnleggjande innføring i HMS-arbeidet, og set fokus på at HMS skal vera enkelt, praktisk og nyttig for kvar enkelt deltakar.

 

Kurset legg vekt på systemforståing og opplæring i bruk av elektroniske dokumentasjonsverktøy. Du kan enkelt forma dine eigne dokument og få hjelp til å finna fram i aktuelt lovverk.

Kurset er inndelt i 3 deler på til saman 12 timar:

  • Rettleiing: 3 timar i gruppe med lærar
  • E-læring: 6 timar eigen-studie e-læring
  • Gardsbesøk: 3 timar i gruppe med lærar

Tema i kurset:

  • Kva er HMS?                           
  • Ulukkesrisiko                          
  • Ergonomi                               
  • Tiltak og rutinar                     
  • Kjemisk og biologisk arbeidsmiljø
  • Støy
  • Psykisk helse
  • Andre næringar
  • Opplæring og beredskap
  • Brann- og el. tryggleik           
  • Arbeidsgjevaransvar

Sjå meir info om kurset og om påmelding.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.09.2015
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30