Informasjonsdag om Inn på tunet

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland inviterer til informasjonsdag for deg som vil starta opp med Inn på tunet eller utvikla verksemda di vidare. Arrangementet finn stad på Statens Hus i Bergen, like ved jernbanestasjonen, 30. januar 2015 kl 10-15. Det er gratis.

Informasjonsdagen blir delt i to etter tema: Du får høyra om søknadsmoglegheiter og rammeverk for å driva Inn på tunet før lunsj. Etter lunsj får du gode hugselister for kva du må tenkja på når du skal utvikla og profilera Inn på tunet-verksemda di.

Program og link til påmelding.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.12.2014
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30