Fagmøte om husdyrgjødsel 26. mars

Norsk Landbruksrådgiving Hordaland og Bjørnefjorden landbrukskontor inviterer gardbrukarar i Fusa, Samnanger og Os til fagmøte 26. mars kl 19.30-22.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. Hovudtema: Optimalisert bruk og lagring av husdyrgjødsel.

 

Bondens gull

Husdyrgjødsla er bondens gull, vert det sagt; men kva ligg gullprisane på i våre dagar? Innkjøp av mineralgjødsel er ein betydeleg utgiftspost for gardbrukarar. Husdyrgjødsel kan potensielt medføra ureining. God utnytting av næringsemna i husdyrgjødsla reduserer avrenning av næringsemne, samstundes som behovet for kjøp av mineralgjødsel vert redusert. Det er difor om og gjera å nytta husdyrgjødsla på eit vis som gjev best mogleg utnytting av ressursane på garden.           

Gjennom å setja fokus på temaet "Optimalisert bruk og lagring av husdyrgjødsel" ynskjer me å inspirera til at du som gardbrukar får best mogleg valuta for innskotet som er gjort i gjødselkjellaren!
 
Program for kvelden:
  1. Regelverk i samband med bruk og lagring av husdyrgjødsel v/Øystein Svalheim (Landbrukssjef)
  2. Optimalisert bruk og lagring av husdyrgjødsel v/Torleif B. Haavik (NLR Hordaland)
Tid: kl 19:30-22.00
Stad: Kommunetunet (Eikelandsosen) 
 
Det vert servert kaffi og noko å gomla på.
 
Vel møtt!   
 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.03.2015
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30