Driftsfellesskap og konsekvensar av ny forskrift

1. januar 2015 vart ei ny forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot gjort gjeldande. Med utgangspunkt i denne fastsette Landbruks- og matdepartementet 16. januar ei forskrift om "tidsbegrenset bortfall av konsekvenser som følge av driftsfellesskap i jordbruket (amnesti)". Amnestiet gjeld føretak som innan 1. mars 2015 melder frå til Bjørnefjorden landbrukskontor om at dei er i driftsfellesskap etter § 7 i forskrifta.

Dei føretaka som melder frå om at dei er i driftsfellesskap innan 1. mars, vil ikkje få krav om tilbakebetaling eller avkorting for driftsfellesskap i tidligare periodar. Det vert gjennomført stikkprøvekontrollar etter 1. mars.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.02.2015
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30