Bjørnefjorden landbrukskontor

Fusa, Os, Samnanger og Tysnes har felles landbrukskontor med faste kontordagar i dei fire kommunane. Vil du snakka med oss? Ring oss, og avtal gjerne tid for eit møte.

Kontordagar

Hovudkontoret ligg i Eikelandsosen, men det er faste kontordagar i alle fire kommunane. Vi rår til å ringja på førehand for avtale.

  • Tysnes - tysdag og torsdag. Tlf. 53 43 71 12
  • Os - tysdag og torsdag. Tlf. 56 57 53 23
  • Samnanger - tysdag. Tlf. 56 58 74 48
  • Fusa - alle dagar. Tlf. 56 58 01 00, sjå elles direktetelefonar i lista over tilsette under "Snarvegar" nedanfor

Ansvarsdeling

Dei ymse ansvarsområda er fordelt mellom dei tilsette ved Bjørnefjorden landbrukskontor slik:

  • Øystein Svalheim - landbrukssjef: Leiing, økonomi, næringsutvikling, planarbeid, konsesjon.
  • Simon Wolff - rådgjevar landbruk: Skogbruk, Næring og Miljøtiltak i skogbruket (NMSK), utmark (vilt, jakt, motorferdsel i utmark) - frå slutten av juli 2019.
  • Siren Elise Tømmerbakke - rådgjevar landbruk: Produksjonstilskot, velferdsordningar/sjukeavløysing, jordlovsaker.
  • Karianne Tveitnes - rådgjevar landbruk: Produksjonstilskot, spesielle Miljøtiltak i Landbruket (SMIL), regionalt miljøprogram (RMP), organisert beitebruk/investeringar i beiteområde, forureining, landbruksregister.
  • Silje A. H. Lyhammer - rådgjevar landbruk: Produksjonstilskot, gardskart, spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), regionalt miljøprogram (RMP).
  • Torill Keys - rådgjevar landbruk: Prosjektstilling.

Nytt frå landbrukskontoret

nyhendesida vår finn du informasjon om tilskipingar, fristar, kurs m.m.

Næringsutvikling

Har du ein idé eller planar om ny satsing? Avtal eit møte med oss, så skal vi hjelpa deg med å finna rette instansar og personar du kan snakka med. Sjå også nettsidene til Fylkesmannen i VestlandHordaland fylkeskommune, komande Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge.

Nøkkeltal 2018

  • Jordbruksareal i drift (omsøkt jordbruksareal okt. 2018): Fusa - 14 570 dekar, Tysnes 10 200 dekar, Os - 6 700 dekar, Samnanger - 2 890 dekar.

  • Søknader om produksjonstilskot (okt. 2018): Fusa - 120, Tysnes - 93, Os - 40, Samnanger - 34.

  • Mjølkevolum i liter levert til meieri: Fusa - 1,7 mill., Tysnes - 1,4 mill., Os - 1,6 mill., Samnanger - 0,5 mill.

  • Sauer (søyetal mars 2018): Fusa - 2 465, Tysnes - 2 177, Os - 542, Samnanger - 680.

  • Mjølkekyr (mars 2018): Fusa - 246, Tysnes - 183, Os - 206, Samnanger - 60.

  • Ammekyr (mars 2018): Fusa - 133, Tysnes - 38, Os - 75, Samnanger - 0.

  • Produktiv skog i dei fire kommunane: rundt 370 000 dekar.

Vil du vita meir?

Er du interessert i spesielle område eller tema? Du finn meir informasjon via desse snarvegane:

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 18.06.2019
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson
Bjørnefjorden landbrukskontor
Telefon :
56 58 01 41
Mobil :
958 84 074
E-post :
oystein.svalheim@fusa.kommune.no
Tittel :
Landbrukssjef
Bunnhjørne