Jubileumstur til grensepunkt

Nye" Fusa kommune er 50 år i 2014. Søndag 17. august er det jubileumstur til gammalt grensepunkt for dei tre tidlegare kommunane Fusa, Hålandsdal og Strandvik. Turen er eit samarbeid mellom Fusa kommune og Fusa turlag. 

Ved grensepunktet mellom gardane Rongestveit, Eikeland og Sævareid skal ordførar Hans Vindenes denne søndagen avduka ei minneplate. Minneplata er laga av elevar ved Fusa vidaregåande skule.

Tre startpunkt

Turen har tre ulike startpunkt, eitt i kvar av dei tidlegare kommunane:

  • Fusa - Start frå Eikelandsosen (Kommunetunet på Leiro) kl 10.00
  • Hålandsdal - Start frå Røo (tunet til Leiv Rød) kl 11.00
  • Strandvik - Start frå Sævareid (parkering ved Breidablikk) kl 11.00

Relativt tung tur

Det er turleiarar som viser veg frå kvar av desse stadane; Olav Sævareid frå Sævareid, Terje Raunsgard frå Eikelandsosen og Leiv Rød frå Røo.Turane går dels i myr og ulendt skogsterreng utanfor allfarveg. Det er ein relativt tung tur og du bør difor vera i relativt god form for å legga ut på denne ekspedisjonen. Hugs fjellsko og godt med mat og drikke.

Alle interesserte er velkomne til å vera med!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 25.08.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30