Den store reisa
Tema for dei nasjonale kulturminnedagane i 2014 er ”Den store reisa – 200 år med samfunnsutvikling”. Fusa har då vald å satsa på ein jubileumstur med M/S Midthordland frå nord til sør i kommunen, der ein kjem innom dei fleste bygdene. På dette viset får ein markert både det nasjonale kulturminnedagane, grunnlovsjubileet og det lokale kommunejubileet.
Bygdelosar
Med lokale bygdelosar ombord vil publikum vera med på ei spennande reise gjennom Fusa dei siste 50 og 200 åra. Det vert strandhogg på gamle stoppestader for fjordabåtane og kåseri om bord som skal gjera soga om ”den store reisa” levande for fusingar flest.
Jubileumskake
Sjølvsagt vert det sveisen jubileumskake, allsong, kviss og tid til drøs ombord. Det vert også høve til å kjøpa seg middag.
Båten går frå Fusa gamle ferjekai kl 10.00 og pårekna retur same stad ca kl 16.00.
Billetten kostar kr 200. Du kan kjøpa eller reservera billett ved å kontakta ekspedisjonen i Kommunetunet, Eikelandsosen telefon 56 58 01 00. Det er framleis ledige billettar.
Har du spørsmål om turen kan du kontakta kulturleiar Erik Vangsnes telefon 56 58 01 53 / 472 77 146.