"Hald saman" - nasjonal og lokal broderkjede

20. mai 1814 laga Eidsvollsmennene ei broderkjede og sa "Enig og tro til Dovre faller". 20. mai 2014 var alle innbyggjarar i Noreg inviterte til å gjenskapa denne historiske hendinga. Skulebarn i Fusa tok utfordringa. 

Oppmodinga kom frå museet Eidsvoll 1814 i samarbeid med radioprogrammet "Norgesglasset" i NRKP1. "Eidsvollsmennene som skreiv grunnlova markerte starten på det norske demokratiet. Med broderkjeda viser vi at vi står sammen om demokratiet vårt dei neste 200 åra," sier Astrid Galstad ved museet Eidsvoll 1814. 

Verdig punktum

Våren 1814 arbeidde 112 menn intenst i seks veker med å laga ei grunnlov som erklærte Noreg som eit sjølvstendig land. Etter at grunnlova var ferdig, møttest Eidsvollsmennene ein siste gong 20. mai 1814.

"Dette var eigentleg ein uvesentleg dag, då dei berre skulle møta opp og godkjenna protokollen," fortel historikar Kristoffer Endresen ved Eidsvoll 1814 til NRK. "Broderkjeda var eigentleg ei veldig spontan handling. Det hadde vore voldsomme konflikter undervegs i arbeidet med å laga grunnlova, men broderkjeda var eit forsøk på å setja eit verdig punktum."

Holdhus

 

På Holdhus oppvekstsenter nytta dei dette høvet til å markera grunnlovsjubileet ein gong til. "Barnehage, skule og alle tilsette danna ei broderkjede der vi minna kvarandre på kor viktig grunnlova vår er for oss, og at vi er glade for den jobben mennene på Eidsvoll gjorde i 1814," fortel lærar Maria Midtrød. Broderkjeda vart 45 meter lang. Holdhusgjengen avslutta med å seia i lag: "Enig og tro til Dovre faller!"

Eikelandsosen og Strandvik

"På Eikelandsosen skule såg vi dette som eit flott høve til å fortelja litt om arbeidet med grunnlova og å ta elevane med på å gjenskapa ei historisk hending," fortel rektor Olav Aarvik.

Også i Strandvik tok dei utfordringa. Elevar og tilsette ved oppvekstsenteret samla seg på idrettsbanen klokka 12. "Vi danna ei flott broderkjede og koret lydde tydeleg og samstemt: ”Enige og tro inntil Dovre faller”," fortel rektor Heidi Baldersheim.

På Norgesglasset sine nettsider kan du sjå fleire foto av broderkjeder frå heile landet.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30