Grunnlov og ordførarbesøk

I samband med grunnlovsjubileet var 5-årsklubben i Vinnes barnehage på besøk hjå ordførar Hans S. Vindenes på kontoret hans i Kommunetunet, og ordføraren var på besøk i Trollskogen barnehage på Fusa. Barnehagane rundt i kommunen har hatt fokus på 200-årsjubileet siste tida, og fleire stader har dei laga sitt eige grunnlovsforslag. 

Medverknad

Vi har snakka mykje om det at også barna skal få vera med på å bestemma, fortel pedagogisk leiar i Vinnes barnehage Else Lyse Opheim, som var med barna frå 5-årsklubben på ordførarbesøk. Dei eldste barna har vore med og laga eigne reglar i barnehagen. 

Hjå ordføraren var barna frå 5-årsklubben spesielt opptekne av den flotte ordførarkjeda.

Eiga grunnlov i Trollskogen

I Trollskogen barnehage inviterte dei ordføraren på besøk og overrekte han sitt eige grunnlovsforslag på barnehagedagen. Ordføraren fekk òg omvising i utstillinga av prosjekt dei har arbeidd med siste tida, fortel pedagogisk leiar Janne Gjøen Gjernes. Tema femner vidt frå kongehuset via planetar og solsystem til Alf Prøysen og den lokale bekken.

Ei jente i 5-årsklubben hadde det ærefulle oppdraget med å overrekkja ordføraren Trollskogen si eiga grunnlov. I 17. maitalen sin på fellesmarkeringa av grunnlovsjubileet i Eikelandsosen siterte ordføraren frå barna i Trollskogen sine grunnlovssetningar:

  • Alle barn og vaksne må vere snille mot kvarandre.
  • Dei vaksne som bestemmer i Fusa, må spørre barna og dei vaksne i barnehagen om korleis dei har det.
  • Dei vaksne må høyre etter kva barna har å seie.
  • Det er ikkje lov å gjere andre vondt.
  • Det er ikkje lov å snakke stygt om andre.
  • Me i trollskogen ynskjer at alle skal ha ein venn!

Ordførar Hans S. Vindenes får ei rask innføring i Bekken-prosjektet og kva det har betydd for Trollskogen barnehage gjennom ei utstilling i barnehagen. | Fotograf: Trollskogen barnehage Styrar Hildegunn Myrlid Eide og Ina Strøm frå 5-årsklubben overrekte Trollskogen si eiga grunnlov til ordførar Hans S. Vindenes. | Fotograf: Trollskogen barnehage Ordførar Hans S. Vindenes på besøk i det flotte heimelaga verdsrommet i Trollskogen barnehage. | Fotograf: Trollskogen barnehage

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30