Godkjend reguleringsplan for fritidsanlegg/hotell på nedre Skjørsand

Kommunestyret har i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, den 17.12.2013 godkjent reguleringsplan for fritidsanlegg/hotell, nedre Skjørsand, gbnr. 40/3 m.fl. Planen med tilhøyrande føresegner og planskildring med ROS-analyse vert med dette kunngjord. 

Klage

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefrist er tre veker frå denne kunngjeringa.

Klagen skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til Fusa kommune:

  • e-post: postkasse@fusa.kommune.no
  • alternativt: brev til Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen 

Jfr. § 12-12 og § 1-9 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Klagen bør grunngjevast.

Verknad av reguleringsplanen
Verknaden av godkjent reguleringsplan framgår av § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alt arbeid og alle tiltak som vert sett i verk innafor planområdet. Det vert elles vist til kapittel 15 om innløysing og erstatning m.m.
 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.03.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30