Fusa i farten på Eikelandsosen skule

Trivselsleiarane på Eikelandsosen skule inviterte alle elevar og tilsette med for å markera "Dansens dag" tysdag 29. april. 

Trivselsdans

Trivselsleiarane (TL) har gjennom heile året leia ulike leikar og andre aktivitetar i friminutta, mellom anna forskjellige TL-dansar, og eit par av desse vart brukt for å markera "Dansens dag". Det er tydeleg at mange av elevane har vore med på å dansa desse om att og om att, fortel rektor Olav Aarvik og melder om både flott dansing og flott engasjement! Nokre elevar frå ungdomsskulen kom òg opp og hengde seg på. 

Aktivitetar

Aarvik fortel vidare at for Eikelandsosen skule er dette starten på ein ny periode med fokus på "Fusa i farten". Det blir litt ekstra aktivitetar både for barn og vaksne framover. Dei tilsette har planlagt ulike aktivitetar, mellom anna ei volleyballøkt og småturar. Heile skulen legg opp til ein fjelltur, aktivitetsdag og fotballturnering.
Nokre klassar er med på "Hopp for hjertet", der elevane får poeng for å hoppa hoppetau. Den beste klassen i kvart fylke vert premiert. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.07.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30