Ofte spurde spørsmål

Ofte stilte spørsmål om adresser og bustadnummer

Adresser og bustadnummer

Adressetildeling

Kva er ei adresse?
Ei offisiell adresse er ei skildring av plasseringa. I kombinasjon med skilting og kart skal den hjelpa publikum, postverk, utrykkingskøyretøy osb å finna fram til den enkelte adresseeining. Ei adresseeining skal tildelast adresse til den vegen som bygningen har tilkomst frå. Ei offisiell adresse består av eit vegnamn og eit husnummer.
Kva er ei adresseeining?
Offisielle adresser skal nyttast til å identifisera og stadfesta eininga som det er behov for å finna fram til. Hovudregelen er at alle inngangar frå terreng i bygningar som det er aktuelt å finna fram til, skal ha eiga adresse. Ein bygning kan såleis tildelast fleire adresser.
Korleis vert adresser tildelte?
Det er kommunen si oppgåve å tildela offisielle adresser. Det vert tildelt adresser langs alle offentlege og private veger. I Fusa er ansvaret for adresseringa delt mellom ein politisk del og ein administrativ del: namnsetjinga er ei politisk avgjerd, medan nummerering er ei administrativ avgjerd.
Korleis vert vegnamn valde?
Ved val av namn er det viktig at namnet er eintydig, slik at forvekslingsfaren vert minst mogeleg. Ved val av sjølve namnet, vert det lagt vekt på å føra vidare tradisjonelle stadnamn som er registrert i området. Skrivemåten for stadnamn er regulert i lova om stadnamn, men vert vedteken av Statens kartverk. Framlegg til nye namn på vegar vert fremja av administrasjonen. Det endelege namnevalet vert gjort av kommunestyret.
Korleis vert husnummer tildelte?
Tildeling av husnummer er ei administrativ oppgåve. Hovudprinsippet er at ei adresseeining skal adresserast til den vegen den har tilkomst frå. Det vert nytta partal på venstre side av vegen og oddetal på høgre side, rekna frå der vegen startar. I dei tilfella der det går stikkvegar ut til sida, vil alle adresseeiningane langs stikkvegen få nummer etter kva side den går ut frå. Bokstavar i tillegg til nummer vert berre brukt berre der det er knapt med ledige nummer. Husnummer vert tildelte ut frå avstand frå startpunktet for vegen rekna i 10-meter. Er avstanden om lag 380 meter frå startpunkt og inn i vegen/avkøyrsla, kan husnummeret verta 38, evt 37 eller 39. Ut frå dette prinsippet kan det verta mange ledige nummer mellom kvart hus.
Kan eg setja opp kva slags type nummerskilt eg ønskjer?
I Fusa skal det brukast standard husnummerskilt. Desse husnummerskilta tilfredsstiller krava i Statens vegvesen si skiltnorm. Dei er godt synlege også i dårleg lys.
Kvar skal husnummerskiltet plasserast?
Skiltet må vera plassert slik at det er lett å finna og lett å lesa. Skiltet skal plasserast til venstre for inngangsdør eller på venstre side av port ved innkjørselen. Der dette ikkje passar, må ein finna ei anna tenleg løysing, eventuelt på garasjen. Hovudpoenget er at ein skal kunna sjå husnummerskiltet frå køyrbar veg. Husnummeret er det viktigaste elementet i adresseverket.
Vi har flytta inn i eit nytt hus på Helland, når får vi adressa vår?
Hovudregelen er at du får adresse når byggesøknaden er godkjend. Om du ikkje har fått tildelt adresse, ta kontakt med Fusa kommune.
Kven er det som avgjer kva nye vegar skal heita i Fusa kommune?
Ei prosjektgruppe/arbeidsutval arbeider med vegnamn. Det vert så halde folkemøte, der innbyggjarane kan koma med sine innspel. Utifrå dette lagar prosjektgruppa/arbeidsutvalet ei innstilling som vert sendt ut på høyring. Her har innbyggjarane på nytt høve til å uttala seg. Vegnamna vert til slutt vedtekne av kommunestyret.
Vi likar ikkje vegnamnet vi har fått. Kan vi klaga på dette?
Nei, klage på dette må koma i prosessen som er skissert i spørsmålet ovanfor – kven som avgjer kva nye vegar skal heita.
Kva gjer eg om eg er misfornøgd med den tildelte adressa? tildeling av husnummeret mitt, kan eg klaga på dette? Kva gjer eg om eg er misfornøgd med den tildelte adressa?
Vedtak om veg-/gatenamn er endeleg og kan ikkje påklagast. Derimot kan det klagast på sjølve nummertildelinga og avgjersla om til kva veg bygningen skal ha adresse. Det er eigar av bygningen som kan klaga. Dersom du er leigetakar, må du såleis få eigar til å fremja klagen. Klagefristen er tre veker frå den dagen eigar mottok melding om adresse. Det held at klagen er postlagd innan fristen, og det er høve til å søkja om forlenga frist for å klaga. Klagen bør presisera det vedtaket det vert klaga på og helst oppgi kva endring som vert ønskt. Du kan også ta med grunngjeving som kan få følgjer for vurderinga av klagen. Klagen skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men sendast eller leverast til Fusa kommune. Meir utfyllande reglar om klage vil du få ved å venda deg til oss.
Eg er ikkje fornøgd med tildelinga av husnummeret mitt, kan eg klaga på det
Ja, eigar av bygningen kan klaga. Dersom du er leigetakar, må du såleis få eigar til å fremja klagen. Klagefristen er tre veker frå den dagen eigar mottok melding om adresse. Det held at klagen er postlagd innan fristen, og det er høve til å søkja om forlenga frist for å klaga. Klagen bør presisera det vedtaket det vert klaga på og helst oppgi kva endring som vert ønskt. Du kan også ta med grunngjeving som kan få følgjer for vurderinga av klagen. Klagen skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men sendast eller leverast til Fusa kommune. Meir utfyllande reglar om klage vil du få ved å venda deg til oss.

Barnehage

Korleis søkjer eg barnehageplass?

I Fusa kommune er det elektronisk søknad til alle barnehagar. Klikk på knappen Søk barnehageplass øvst oppe på denne sida.

Kor tid er søknadsfristen?

Fusa kommune har eit barnehageopptak i året med søknadsfrist 1. mars. Søknader som kjem utanom dette, vert stetta så langt råd er.

Kor tid får eg svar på søknaden?

Tildeling av plassar ved opptak vert gjort i mars/april. Avslag på plass vert sendt ut innan 1. mai.

Eg søkte barnehageplass etter fristen den 1. mars, kva skjer med søknaden min?

Søknader som kjem inn etter fristen, vert ikkje handsama før etter at alle med lovfesta rett til barnehageplass har fått tilbod om plass.

Eg er inne på søknad om barnehageplass, men eg står litt fast. Kva gjer eg?

Ha klart heile personnummeret til både barn og føresette før du byrjar å leggja inn søknaden. Dersom du ikkje har alle personnummer, kan du kontakta folkeregisteret på tlf. 80080000. Dersom du treng hjelp til å søkja/tilgang til datamaskin, kan du få det i barnehagane i kommunen eller i ekspedisjonen i Kommunetunet. Du kan også få rettleiing og hjelp på telefon ved å ringja eining for barnehage på tlf. 56 58 01 94.

Kva for kriterier/vilkår vert barnehageplassane tildelte etter?

Vedtekter for barnehagane i Fusa kommune fortel kva som er prinsipp for opptak og opptakskriterier - sjå pkt. 8-9 i vedtektene.

Korleis endrar eg opphaldstid?

I Fusa kommune er det elektronisk søknad til alle barnehagar. Klikk på knappen Søk barnehageplass øvst oppe på denne sida. Logg deg så inn på «mi side» når du ynskjer å endra opphaldstid.

Korleis går eg fram for å flytta barnehageplass frå ein barnehage til ein annan innan Fusa kommune?

I Fusa kommune er det elektronisk søknad til alle barnehagar. Klikk på knappen Søk barnehageplass øvst oppe på denne sida. Logg deg så inn på "mi side" når de vil søkja om flytting innan kommunen.

Kor tid søkjer eg om flytting av barnehageplass innan kommunen?

Dersom du søkjer om overflytting frå 01.08., må du søkja før opptaket 01.03. Klikk på knappen Søk barnehageplass øvst oppe på denne sida.

Korleis seier eg opp barnehageplassen?

I Fusa kommune er det elektronisk søknad til alle barnehagar. Klikk på knappen Søk barnehageplass øvst oppe på denne sida. Du loggar deg så inn på «mi side» når du ynskjer å sei opp barnehageplassen. Ved oppseiing etter 1. april, må ein betale ut juni månad.

 

Kor tid skal eg seia opp barnehageplassen?

Sjå "Vedtekter for barnehagane i Fusa" pkt. 12 a) Oppseiing - sjukdom - fråvær:

12 a) Oppseiing. Oppseiingstida ved barnehagane er to månader med betaling, rekna frå den 1 i månaden etter at styrar/einingsleiar har motteke oppseiinga.

Trykk på knappen "Søk barnehageplass" øvst oppe på denne sida. Logg deg så inn på «mi side» når du ynskjer å sei opp barnehageplassen.

 

Barneverntenesta

Når bør eg melda frå til barnevernet?
Er du bekymra for eit barn, på den måten at du trur foreldra kanskje ikkje klarer å ta godt nok vare på barnet, bør du melda frå til barnevernet.
Korleis kan eg vita at det er alvorleg nok?
Er du bekymra for eit barn, skal du melda frå uansett. Bekymringsmeldinga di kan vera svært viktig for barnet det gjeld. Det er vanleg å frykta at ein kanskje overreagerar eller overtolkar signal. Ein lurer på om dette er alvorleg nok, eller om meldinga kan skapa unødige vanskar. Det er barnevernet si oppgåve å vurdera bekymringar og om hjelp er nødvendig. Di oppgåve er å sørgja for at barnevernet får kjennskap til barn som har det vanskeleg. Er du framleis i tvil, er det fullt mogleg å først drøfta saka med ein fagperson i barnevernet utan å nemna namn på kven saka gjeld.
Kven skal eg snakka med i barnevernet?
På dagtid kan du ringja kommunen og be om å få snakka med barneverntenesta. Då får du snakka med ein sakshandsamar om bekymringa di. Du kan også skriva eit brev. På kveldstid kan du ringja den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Då kjem du til ein av dei 15 store barnevernvaktene ein finn i Noreg. Alarmtelefonen er døgnopen og formidlar bekymringa di til det kommunale barnevernet der du bur.
Kva skjer når eg melder bekymring til barnevernet?
Du vert sett over til ein fagutdanna sakshandsamar, som skriv ned det du har sett og høyrd. Innan ei veke skal barneverntenesta ta stilling til om ein skal setja i verk undersøking av det du har meldt, eller om meldinga skal leggjast bort fordi ein ikkje vurderer saka som alvorleg nok. Denne fristen er lovpålagd. Dersom barneverntenesta vurderer at bekymringsmeldinga er alvorleg nok, startar ein undersøking. Frist for undersøking er tre månader. I løpet av undersøkinga snakkar barnevernet både med foreldra og barnet. Ein kjem også på heimebesøk for å få eit nærare inntrykk av familiesituasjonen. Ofte snakkar ein også med tilsette i skule og barnehage, eller hentar inn skriftleg informasjon vedrørande barnet. Når undersøkinga er ferdig, er det barnevernleiar i samråd med sakshandsamar som avgjer utfallet av undersøkinga. I nokre tilfelle blir saka lagt bort etter ei slik undersøking. Dette skjer anten fordi familien får hjelp frå annan instans, eller at saka løyser seg på annan måte. I mange tilfelle får barnet og familien tilbod om hjelp frå barnevernet
Kva kan barnevernet gjera for å hjelpa barn, unge og familiar?
Sakshandsamar i barneverntenesta finn i samråd med foreldra ut kva hjelpetiltak som vil gjera situasjonen betre for barnet. Dei fleste barna får hjelp heime hos foreldra. Slik hjelp kan vera: Barnehageplass, plass i SFO, støttekontakt til barnet, besøksheim til barnet, råd og rettleiing til foreldra, familieråd, økonomisk støtte.
Må eg alltid oppgje namn når eg melder?
Nei, du kan velja å vera anonym når du kjem med ei bekymringsmelding. Barneverntenesta ønskjer at ein står fram med namn, fordi dette gjer saka meir truverdig. Barnevernet kan bevara anonymiteten din overfor familien det gjeld, dersom du ønskjer dette. I praksis vil det ofte vera vanskeleg å vera anonym, fordi barneverntenesta må informera familien om innhaldet i meldinga. I mange tilfelle vil då foreldra forstå kven som har meldt saka. Er saka svært alvorleg, vil barnevernet uansett ikkje kunna bevara anonymiteten din overfor familien.
Får eg informasjon om kva som skjer i saka?
Nei. Barneverntenesta har teieplikt og kan derfor ikkje gje deg som privat meldar informasjon om ei konkret sak. Dette gjeld ikkje for offentlege tilsette. Dei har meldeplikt til barnevernet og har krav på tilbakemelding frå barnevernet om saka er lagt bort eller om det er sett i gang hjelpetiltak
Tida går og eg er framleis bekymra: Bør eg melda ein gong til?
Ja, det bør du gjera. Nokre gonger kjem det fram ny informasjon som er viktig for barnevernet å ha kjennskap til
Kan eg måtta stilla som vitne i retten?
Du kan bli innkalla som vitne dersom det kommunale barnevernet meinar at andre bør overta omsorga for barnet. Dette kan avgjerast av fylkesnemnda. Som vitne har du plikt til å møta i nemnda å fortelja kvifor du har vore bekymra.

Brann og feiing

Må eg betala for branntilsyn og feiing?
Ja, det er eit årleg gebyr som vert sendt saman med faktura for andre kommunale gebyr. Det vert vedteke av kommunestyret i desember og gjeld eitt år f.o.m. 01.01. Sjå "Betalingssatsar" under "Kontakt oss"-fana i toppmenyen.
Kor ofte skal pipa feiast?
Feiing vert som regel utført annakvart år (minimumskravet er kvart fjerde år). Dersom huseigar ønskjer oftare feiing enn kvart andre år, kan han be om det.
Kor ofte skal kommunen føra tilsyn med eldstad/vedomn i huset mitt?
Tilsyn av eldstad skal utførast kvart fjerde år. Dette er i tråd med minimumskravet.
Kan brannvesenet kontrollera brannsløkkingsapparat?
Nei. Ein må venda seg til godkjent føretak for å få kontrollert brannsløkkingsapparat. (Sjå gule sider).

Brukarstyrt personleg assistanse

Kva er brukarstyrt personleg assistanse?

 Brukarstyrt personleg assistanse er ein måte å samordna tenester på som gjev brukar moglegheit til å:

  • bestemma over korleis hjelpa skal nyttast
  • administrera timane som er tildelt

Brukarstyrt personleg assistent er ein alternativ måte å organisera tenestene praktisk og personleg bistand på, for personar med nedsett funksjonsevne og stort behov for bistand i dagleglivet. Både i og utanfor heimen. Bidra til at brukar får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsetting, og moglegheit til å ta ansvar for eige liv og eiga helse.

 

Kven kan søkja?

Grunnlaget for tildelinga, er timar tildelt i vedtak knytta til praktisk bistand, opplæring, støttekontakt og avlasting for foreldre med heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Personar med varige og omfattande funksjonsnedsetting som treng fleire ogsamansette tenester for å klara seg i dagleglivet.

  • Brukar, eller den som skal representera brukar, skal ivareta arbeidsleiarrolla.
  • Brukar/representant for brukar må kunne definera behov for assistanse.
  • Personar under 67 år.
  • Vedtak på minst 25- 32 timar pr. veke. Gap mellom 25 og 32 timar vert regulert av om det vil medføra kommunen vesentlag auka kostnad å gje tenesta som BPA framfor å nytta eksisterande kommunal arbeidsleiing og disponering av personalressurs frå kommunal base.
  • Tenesta vert i utgangspunktet ikkje organisert som BPA der det er behov for meir enn ein tenesteytar samstundes, eller når det kun er vedtak på natteneste.
  • Det vert stilt krav til ein viss stabilitet i behov for tenester.
  • Behov for langvarige tenester, definert som behov for tenester over to år.

 

Korleis søkjer eg?

Søknad sender du til Tenestekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside.

Eventuelt kan du ringja Tenestekontoret på T. 56580170 for søknadsskjema, eller hjelp til søknad. Det er ikkje søknadsfrist for tenesta.

Skriftleg vedtak på tenesta skal føreliggja seinast fire veker etter søknad.

 

Kan eg få hjelp til å søkja?

Ja, du kan ta kontakt med Tenestekontoret, T. 5658 0170, for hjelp til søknad.

Kva kan denne tenesta innehalda?

Ordninga kan omfatta både hushaldsoppgåver og direkte personleg hjelp med t.d. påkledning, hygiene, mat o.l. Oppgåver som vert utført med heimel i Helse- og omsorgstenestelova (tradisjonelle "heimehjelpsoppgåver") kan inngå i ordninga.

Tenester som krev medisinskfagleg kompetanse, skal normalt ikkje inngå i tildelinga av brukarstyrt personleg assistanse.

 

Kan tenesta kombinerast med anna teneste?
Tenesta kan kombinerast med ulike tenester, der dette gjev den mest hensiktsmessige hjelpa. Såleis kan brukarstyrt personleg assistent kombinerast med t.d. natteneste, sjukepleiefagleg hjelp, funksjonsassistent, støttekontakt/treningskontakt eller heimehjelp.
Finst det øvre eller nedre grense for tenestebehov for å få denne tenesta?

Vedtak på minst 25- 32 timer pr. veke. Gap mellom 25 og 32 timer vert regulert av om det vil medføre kommunen vesentleg auka kostnad å gje tenesta som BPA framfor å nytta eksisterande kommunal arbeidsleiing og disponering av  personalressurs frå kommunal base.

 

Finst det fleire måtar å organisera dette på?
Alternativ 1: Du er både arbeidsgjevar og arbeidsleiar, og kommunen utbetalar driftstilskot til helsetiltaket ditt. Du må registrera tiltaket som eit firma. Her har du sjølv ansvar for tenestetiltaket. Alternativ 2: Du er arbeidsleiar, og kommunen er arbeidsgjevar. Dei tilsette mottek løn frå kommunen, og oppsett av turnusar og arbeidsplan føregår i samarbeid med kommunen. Alternativ 3: Du er arbeidsleiar, og eit firma er arbeidsgjevar, og betalar ut løn til dei tilsette. Du set opp turnus og arbeidsliste i samarbeid med dette firmaet. Vanlegvis er dette firma som er spesielt retta mot denne typen verksemd.
Inneber ordninga krav og plikter til meg som tenestemottakar?
Du/arbeidsleiar må;
  • Vera med og tilsetja assistentane.
  • Setja opp arbeidsplanar i samsvar med vedtak og etter krava i arbeidsmiljølova og det kommunale avtaleverket (om naudsynt i samarbeid med arbeidsgjevar).
  • Delta på opplæring i arbeidsleiarrolla.
  • Melda behov for vikarar i ordninga og innkalling av vikarar.
  • Registrera fråvær på assistentane og senda dette til verksemdleiar.
  • Ansvar for å sendeatimelister til verksemdleiar innan fastsette fristar
  • Ansvar for å læra opp og rettleia assistentane i sine spesifikke oppgåver, evt. ilag med fagpersonale.
  • Ansvar for å halda personalmøte etter behov.
  • Følgja rutinane for gjennomføring av helse, miljø og tryggleik (HMT/HMS) i eigen heim.

 

Kva type hjelp femner tenesta om heilt i detalj?
Hjelp til å stå opp og leggja seg, personleg hygiene, dusj, bad, hårvask, hjelp til å eta og drikka, toalettbesøk, hjelp til å handla mat, vask av klede og husvask etter behov.
Kva type hjelp inngår vanlegvis ikkje?
Transport, følgje til lege, vedhogging, snømåking, lufta tunge teppe, flytta tunge møblar, hjelp til flytting, nedvask av hus, klargjering og rydding etter gjestar, vask av vindauge, stryka klede, rydda og vaska etter husdyr.
Kva kostar tenesta?
Det er eigendel som følgjer Fusa kommune sine satsar for heimehjelp. Satsane vert justerte 1. januar kvart år. Sjå betalingssatsar her på heimesida.
Må eg ha bestemt utstyr i husværet mitt?
Ja, du må ha vaskemaskin, tørketrommel, støvsugar med langt skaft, moppar/vaskeutstyr, vaskemiddel, klutar, bøtte, mikrobølgjeomn.
Kan eg klaga på vedtaket?

Ja, vedtaket kan etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2 påklagast.

Ein eventuell klage skal sendast til Tenestekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen innan fire veker etter vedtak.

I klagen skal du skriva kva du ønskjer å endra i vedtaket, og grunngje dette. Du kan få rettleiing av den som har behandla saka når du jobbar med klagen.

Klagen vert først vurdert av den som har fatta vedtaket. Dette for å vurdera om det er grunn til å endrea på det. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert saka sendt til Fylkesmannen for vurdering.

Søkjar har som hovudregel rett til innsyn i dokumenta i saka, jf. Forvaltningslova § 18.

Brøyting

Er det reglar for når det skal vera brøytt?
Kommunen har laga brøyterutinar for brøyting av dei kommunale vegane. Ved snøfall om natta til yrkesdagar skal brøyteruta vera køyrd gjennom seinast kl 06 om morgonen. Rydding av kryss og utbrøyting kan utførast etter dette tidspunktet. Ved snøfall over lengre tidsrom skal det berre brøytast så mykje at viktige vegar og gangvegar er framkomelege fram til snøfallet er over.
Kor mykje snø må det koma før det vert brøytt?
Iflg. brøyterutinane skal det til vanleg ikkje brøytast før det er falle om lag 5-6 cm snø, litt avhengig av om det er våt eller tørr snø. Dei brattaste kneikane kan det vera nødvendig å brøyta litt oftare. Våt snø og slaps må skrapast vekk dersom det er fare for frost.
Kva reglar gjeld for brøyting av parkeringsplassar?
Parkeringsplassar skal iflg. brøyterutinane berre brøytast etter minst 8 cm snøfall.
Kven skal eg kontakta ved behov for brøyting?
Ring teknisk vakttelefon 478 05 640. Innanfor kontortid kan du kontakta Teknisk drift.

Bålbrenning

Kan eg brenna hageavfallet mitt i staden for å køyra det til avfallsplassen.
Ja, men berre hageavfall.
Kan eg brenna jonsokbål?
Ja, vi gir løyve til brenning av jonsokbål, men vi vil ha inn opplysningar om kvar bålet er, kven som er ansvarleg og kva sløkkemiddel som er tilgjengeleg.
Vi skal på ein vårtur med ein skuleklasse og hadde tenkt å tenna opp eit grillbål i skogen, kan vi det?
Det er eit generelt forbod mot å tenna opp eld i skogsområde i tida 15. april til 15. september. Vi kan likevel gje løyve etter førespurnad, vêrtilhøva vil vera avgjerande for eit evt. løyve.

Dispensasjon

Korleis søkjer eg om dispensasjon frå t.d. gjeldande plan?
Søknaden kan skrivast som vanleg brev, der det vert gjort greie for kva ein søkjer dispensasjon for, og ei grunngjeving kvifor ein søkjer dispensasjon. Det er ei føremon at det følgjer med kart/teikning som skildrar dispensasjonen.
Kva er saksgangen ved ein dispensasjonssøknad?
Før søknaden vert handsama skal naboar og gjenbuarar, og berørte offentlege instansar varslast og få høve til å uttala seg. I enkle kurante saker vert dispensasjonssøknader handsama administrativt. Elles vert slike søknader lagt fram for det faste utvalet for plansaker som fattar vedtak.
Kva kostar det å søkja om dispensasjon?
All sakshandsaming av dispensasjonssøknader vert fakturert i samsvar med kommunen sitt gebyrregulativ for handsaming av plansaker. Sjå gjeldande betalingssatsar her på heimesida.

Eigedomsskatt

Kva har takstmannen lagt til grunn for takseringa?
Indre og ytre forhold på eigedomen, opparbeiding, standard, plassering i terrenget, kjende eigedomssal i området for tilsvarande objekt. Nærleik til skule, butikkar med meir. Det er berre gjort ei utvendig synfaring.
Eg har store skadar som takstmannen ikkje kjenner til, spelar det inn på taksten?
Ja, lever ein skriftlig klage der det vert gjort greie for forholda, dokumentasjon er ønskeleg. Legg ved skadetakst eller foto der det ligg føre.
Taksten er altfor høg, dette synest eg er urimeleg, har de gjort ein feil?
Det er vanskeleg å gje eit konkret svar på dette. Spørsmålet som ein kan stilla er om taksten er realistisk ved sal. Dersom du er sikker på at eigedomen ved eit evt. sal vil verta selt for lågare sum enn takstverdien, kan du klaga. Men dersom det viser seg at taksten er reell eller for låg, vil overtaktutvalet vurdera taksten på nytt. Overtakstutvalet kan auka, oppretthalda eller redusera taksten.
Naboen har fått ein lågare takst enn meg, men har jo eit større hus?
Ein har gjort ei verdivurdering ut ifrå kva marknaden er villig til å betala for huset ditt. Derfor kan mange andre faktorar enn areal spela inn på verdien.
Tek de omsyn til at eg ikkje har straum eller vatn på hytta?
Så godt vi kan, men det er ikkje alltid like lett å sjå på ei utvendig synfaring, då leidningar og røyr kan vera ført under bakken. Føler du at taksten er for høg i forhold til marknadsverdien, kan du klaga. Ved klage kan takstutvalet setja ned taksten i dei tilfella der taksten er feil, eller dei kan oppretthalda tidlegare takst. Dersom takstutvalet opprettheld taksten, vert klagen oversendt til overtakstutvalet som vurderer taksten på nytt. Overtakstutvalet kan redusera taksten, oppretthalda taksten eller setja taksten opp. Klagar kan derfor enda opp med ein høgare takst enn før klage.
Eg har ein lågare verditakst frå 1 ½ år sidan, har de gjort ein feil?
Dersom dette er ein lånetakst bestilt av banken, vil den i mange tilfelle vera låg for å gje banken større tryggleik. Ein må hugsa at takstar er ferskvare, så mykje kan ha skjedd i mellomtida. Det er viktig å merka seg at vi berre har sett på utsida.
Eg har ein uinnreidd kjellar og 2. etg., så eg meiner taksten er for høg
Desse forholda veit ikkje synfaringsmannen om. Føler du at taksten er for høg i forhold til marknadsverdien, kan du klaga. Sjablontaksten vert rekna ut frå registrert målbart areal på bygningane. Standarden innvendig, om det er uinnreidd eller ikkje, er ikkje verdsett. For at ein kjellar skal takserast, må takhøgda vera på 1,9 meter. For at eit loft skal takserast, må takhøgda vera 1,9 m og takhøgda på 1,9 m må ha ei breidde på 60 cm.
Hytta mi er ikkje mogleg å selja pga. at ho ligg på ei tomt saman med fleire hytter. Vi har avtaler som bind oss så vi ikkje får selt.
Eigedomsskattelova tek ikkje stilling til privatrettslege avtalar. Eigedomsskatten er ein objektskatt på eigedomen, dvs på gards- og bruksnummeret. Er det fleire eigarar av eit gards- og bruksnummer, må eigedomsskatten på slike eigedomar delast mellom eigarane internt
Eg har fått krav om å betala eigedomsskatt på ei hytte/einebustad/garasje/naust eg ikkje eig.
Er tomta som bygningen står på utskilt frå den eigedomen du eig? Dersom ho er det, kan det vera at tomtegrensa ikkje er registrert i dei digitale karta og at eigedomen (gards- og bruksnummeret) berre er markert i våre digitale kart med ein ring. Ringen som markerer eigedomen er då ikkje plassert over den/dei bygningen(e) som tilhøyrer eigedomen, og dermed er bygningane registrert på den som eig tilgrensa eigedom, og som tomta ofte er utskild frå. Dette har vi prøvd å korrigera ved å laga ”peikarar” frå den eigedomen som ikkje eig bygningane, til det gards- og bruksnummeret som er rettmessig eigar. Dersom du meiner at det er feilregistreringar, ber vi deg ta kontakt med kommunen og avtala eit møte der dette kan gjennomgåast.
Eg har ei festa tomt. Kvifor skal ikkje grunneigar betala eigedomsskatten?
Som festar tek du på deg alle rettar og alt ansvar som grunneigar til vanleg sit med, dertil også eigedomsskatten.
Eg har fått krav om å betala eigedomsskatt på ei hytte eg ikkje eig, men grunnen er min.
Dette kan vera pga. ein privatrettsleg avtale mellom deg og hytteeigaren. Einaste måten å få denne avgifta over på hytteeigar på papiret er ved å tinglysa heimelsovergang på eigedomen. Du kan også skilja ut ei festa tomt eller punktfeste. Først når dette ligg føre, vil eigedomsskatten verta flytta til rett eigar.
Eg meiner det er urettvist å verta pålagt denne skatten.
Innføringa av eigedomsskatt er eit politisk vedtak, og politiske spørsmål tek ikkje administrasjonen stilling til.
Korleis skal eg klaga?

Det vert opplyst om klagefrist ved utlegging av eigedomsskatten. Brevet med klagen må vera postlagd eller innlevert før klagefristen er ute. Klagen må innehalda følgjande opplysningar: Klagen gjeld vedtaket om eigedomsskatt for (oppgje årstal); Oppgje gardsnr. og bruksnr. på eigedomen(e); Kva er det klagaren vil ha endra? Grunngjeving for kvifor ein ønskjer vedtaket endra; Dokumentasjon, bilete, skriftlege dokument m.m.; Andre opplysningar som kan påverka avgjerda. Klagen skal sendast til: Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller til postkasse@fusa.kommune.no. Dersom klagen ikkje vert tatt til følgje av takstutvalet, vert klagen oversendt til overtakstutvalet.

Fastlege

Korleis byter eg fastlege?
Du byter fastlege sjølv via nettsida MinFastlege, der du må logga deg inn med MinID. Det kan òg gjerast ved å ringja Fastlegetelefonen 810 59 500. Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringjer.
Kor ofte kan eg byta fastlege?
Du kan byta fastlege to gonger i kalenderåret. I tillegg kan du byta fastlege dersom du flyttar.
Kan eg velja fritt kva fastlege eg vil ha?
Du kan velja mellom dei legane som har ledig kapasitet.
Kan eg velja fastlege i ein annan kommune enn der eg bur?
Ja.
Går det an å setja seg på venteliste hjå ein fastlege som har full liste?
Nei.
Kor lang ventetid er det for å få time hjå legen?
Ventetida varierer frå fastlege til fastlege, men du må rekna med at du må venta 2-3 veker.
Får eg time hjå fastlegen min om eg har behov for akutthjelp?
Dersom du har behov for akutthjelp på dagtid, vil du få time hjå fastlegen din så langt det er mogeleg. Alle legane skal ha sett av nokre timar kvar dag til akutthjelp for sine pasientar. Dersom fastlegen din er vekke, eller vedkomande ikkje har fleire ledige timar denne dagen, vil du koma til hjå den legen som har ansvar for akutthjelp denne dagen.
Kva skjer når fastlegen sluttar i stillinga si?
Når fastlegen sluttar i stillinga si, vert pasientane automatisk overført til ny lege eller annan lege ved legekontoret. Dersom ei fastlegestilling vert ståande ledig, vil dei andre legane på kontoret fordela pasientane på lista slik at alle pasientane får legehjelp/oppfølging.

Folkehelsearbeid

Kva konsekvensar får Samhandlingsreforma for folkehelsearbeidet i kommunen?
Tre hovudutfordringar har vist seg i og utanfor helsesektoren dei siste åra: For lite heilskaplege helsetenester, for lite fokus på førebyggjande og helsefremjande arbeid, og fleire eldre og personar med kroniske lidingar. Samhandlingsreforma er ei samling verktøy som skal leggja grunnlaget for arbeidet med desse hovudutfordringane. Eit av desse verktøya er Folkehelselova, som skal leggja føringar for folkehelsearbeidet dei neste åra.
Kva inneber Folkehelselova?
Formålet med lova er å styrkja fokuset på det førebyggjande og helsefremjande arbeidet i kommunane ved å leggja til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. I følgje lova får kommunen ei meir sentral rolle enn tidlegare. Det nye lovverket inneber m.a. at kommunen som heilskap, og ikkje berre helsesektoren, er ansvarleg for folkehelsearbeidet. Dette legg grunnlaget for eit tverrsektorielt arbeid. Det er ikkje berre helsesektoren som skal utøva folkehelsearbeidet. Dette ansvaret ligg i alle sektorane, frå skule/oppvekst til teknisk og landbruk. Kommunen si administrative og politiske leiing får eit tydelegare ansvar enn tidlegare, og bør derfor involverast i arbeidet i større grad. Kommunane er pliktige til å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorar som kan verka inn på denne. Oversikta over helsetilstanden skal danna grunnlaget for å setja i verk nødvendige tiltak for å møta kommunen sine utfordringar. Kommunane skal syta for å inkludera folkehelsearbeidet i arbeidet med kommunen sin planstrategi. Om ein skal førebyggja sjukdom og utjamna helseforskjellar, er det nødvendig å tenkja helse i alt vi gjer. Dette krev at ein tek folkehelseomsyn der avgjerslene vert tatt. Miljøretta helsevern er ein del av det vide folkehelsearbeidet. Departementet kan påleggja kommunar å samarbeida interkommunalt om dette er nødvendig for ei forsvarleg løysing av folkehelsearbeidet.

Grunnskule

Vi ønskjer at barnet vårt skal gå på ein annan skule enn den som er i skulekrinsen vi høyrer til. Kva gjer vi?

De må skriva ein søknad til Fusa kommune om at de ønskjer å skifta skule.

Heimehjelp

Kor ofte kan eg få heimehjelp?
Vanleg nivå på heimehjelp i Fusa er 1-2 timar kvar 14. dag, men det skal gjerast individuell vurdering ved kvar søknad.
Kva kan eg få hjelp til?

Desse oppgåvene kan ein få hjelp til:

  • reingjering av golv som er i daglig bruk, dvs. bad, toalett, kjøkken, soverom, stove og gang
  • skifte av sengetøy
  • vask av klede i vaskemaskin, evt. oppheng av klede på innvendige stativ
  • hjelp til bestilling varer, evt. innkjøp av matvarer i næraste butikk om det ikkje er tilbod om varelevering
  • opplæring/rettleiing i bruk av elektrisk utstyr, husarbeid, og kjøp av personleg utstyr.

 

Kan de reparera klede?
Nei, dette inngår ikkje i heimehjelptenesta.
Kan de handla klede, sko, kaffitraktar, vaskemaskin o.l.?

Nei, dette inngår ikkje i heimehjelptenesta, men vi kan hjelpa deg med å få hjelp til slike ting.

Kan de måka snø, bera ved, skifta lyspære eller røykvarslarbatteri?
Nei, dette inngår ikkje i heimehjelptenesta.
Kan de vaska vindaugo mine?

Det vert vanlegvis ikkje gitt heimehjelp til vask av vindauge. 

Kan de bestilla legetime, frisørtime, fotpleietime?
I dei tilfella der ein ikkje klarer det sjølv, eller pårørande ikkje har høve, kan heimesjukepleien hjelpa med dette.
Kan de følgja til aktivitetar? (tiltak for for funksjonshemma)
Følgje til aktivitetar er ei støttekontaktoppgåve.
Korleis søkjer ein om heimehjelp?

Søknad sendes til Tenestekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside. 

Eventuelt kan du ringja Tenestekontoret på T.  5658 0170 for søknadsskjema, eller hjelp til søknad. Det er ikkje søknadsfrist for heimehjelp/praktisk bistand.

Skriftleg vedtak på tenesta skal føreliggja seinast fire veker etter søknad.

 

Kan eg klaga på vedtaket?

Vedtaket kan etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2 påklagast.

Ein eventuell klage skal sendast til Tenestekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen, innan fire veker etter vedtak. I klagen skal du skriva kva du ønskjer å endra i vedtaket, og grunngi dette. Du kan få rettleiing av den som har behandla saka når du arbeider med klagen.

Klagen vert først vurdert av den som har fatta vedtaket. Dette for å vurdera om det er grunn til å endra på det. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert saka sendt til Fylkesmannen for vurdering.

Søkjar har som hovudregel rett til innsyn i dokumenta i saka, jf. Forvaltningslova § 18.

Kva kan eg ikkje få hjelp til?

Det vert normalt ikkje gitt hjelp til:

  • Storvask, kjellar- og loftsrydding
  • Gardinvask, pussing av sølv, kobbar og messing
  • Vask av glasruter
  • Stryking/rulling av kle eller dukar
  • Reparasjon av kle
  • Reingjering av rom som ikkje er i bruk
  • Laga i stand til selskap, eller rydda og vaska opp etter besøk
  • Rista tunge teppe/ryer, flytta tunge møblar
  • Vask av altan/terrasse
  • Støvsuging av møblar
  • Støvtørking av pyntegjenstandar og hyller
  • Stell av husdyr

 

Kva utstyr må vera tilgjengeleg i heimen og kva må vera klart når heimehjelpa kjem?

Nødvendig reingjeringsutstyr må vera på plass. Dette gjeld alt frå vaskemaskin til reinhaldsmidlar og -utstyr. 

Heimen må vera klargjort for heimehjelpa sitt arbeid. Dersom det vert røykt i heimen, må det luftast før heimehjelpa kjem.  

 

Må eg vera til stades når heimehjelpa er der?

Ja, du må vera heime når heimehjelpa gjer jobben sin.

Skal du reisa vekk når du skulle hatt heimehjelp, må du melda i frå om det til heimetenesta. 

Heimesjukepleie

Kan de køyra meg til butikken?

Nei, vi kan ikkje det. Transport inngår ikkje i tenesta til heimesjukepleien. 

Kan de gå i banken for meg/ta ut pengar for meg
Dette er ikkje innan heimetenesta sitt mynde. Om du treng slik hjelp, må du ha økonomisk hjelpeverje.
Kan de hjelpa med å betala rekningar?
Dette er ikkje innan heimetenesta sitt mynde. Om du treng slik hjelp, må du ha økonomisk hjelpeverje.
Kan de følgja til lege?
Normalt skal pasienten sjølv ordna med følgje og transport til legekontoret, evt. pårørande. I spesielle tilfelle der ein vurderer det fagleg hensiktsmessig kan det gjerast avtale om at pleiar følgjer.
Korleis kan mor/far koma seg på sjukeheimen (transport)?
Drosje eller ev. at pårørande køyrer. Ambulansetransport når det er nødvendig.
Kan de bestilla legetime, frisørtime, fotpleietime?
I dei tilfella der ein ikkje klarer det sjølv, eller pårørande ikkje har høve, kan heimesjukepleien hjelpa med dette.
Kan de følgja til aktivitetar? (tiltak for for funksjonshemma)
Følgje til aktivitetar er ei støttekontaktoppgåve.
Kven kan søkja om heimesjukepleie?
Alle kan søkja om heimesjukepleie, men ikkje alle har rett på tenesta. Det må føreliggja eit reelt behov for nødvendig helsehjelp i form av heimesjukepleie.
Kven får tildelt heimesjukepleie?

Heimesjukepleie blir tildelt personar som grunna funksjonshemming, alder eller sjukdom er heilt avhengig av personleg hjelp for å kunna bli buande heime.

Også personar som oppheld seg i kommunen og har behov for nødvendig helsehjelp kan verta tildelt heimesjukepleie. 

Ektefelle har ikkje plikt på seg etter lovverket til å pleia sin ektefelle ved funksjonshemming eller varig sjukdom.

Korleis søkjer ein om heimesjukepleie?
Behov for heimesjukepleie kan meldast skriftleg eller munnleg til pleie- og omsorgsavdelinga i det området der den hjelpetrengjande bur, eller til Fusa kommune. Søknadsskjema kan lastast ned frå heimesida til Fusa kommune. Søknad eller oppmoding om hjelp kan komma frå den hjelpetrengjande sjølv, frå pårørande eller lege.
Korleis vert søknaden handsama?
Sjukepleiar kjem på heimebesøk for å kartleggja behovet for hjelp før vedtak om tildeling av tenester vert fatta. Handsamingstid?? Du får skriftleg melding om vedtaket.
Kan eg klaga på vedtaket?
Søkjar kan klaga på vedtaket. Klagefrist er tre veker frå vedtaket er motteke. Klage skal sendast til det organet som har fatta vedtaket. Om det er ønskjeleg, kan ein ta kontakt med pleie- og omsorgstenestene for å få hjelp til å setja opp klagen. Ved mottak av ein klage vil vedtaket verta vurdert på nytt. Dersom vedtaket ved ny gjennomgang ikkje vert endra, vert det oversendt til helseavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.
Kva kostar heimesjukepleie?
Tenesta er gratis.
Kva kan eg få hjelp til frå heimesjukepleien?
Oppgåver som heimesjukepleien kan hjelpa med er personleg hygiene, medisintillaging, sårstell og tilsyn. Tenesta kan innhalda dagleg hjelp til å stå opp og leggja seg og til toalettbesøk. Hjelp til dusj/bad/hårvask ca x 1 pr veke. Hjelp til tillaging av brødmåltid ved behov. Hjelp til å eta/drikka. Hjelp til sårskift/observasjon av sår. Hjelp til smertelindring/lindrande behandling og pleie ved livets slutt. Hjelp til å ta kontakt med lege ved behov. Hjelp til å organisera transport til lege, sjukehus og tannlege.

Hjelpemiddelutlån

Eg har brote foten, kvar kan eg få låna krykker?
Kommunalt Hjelpemiddellager låner ikkje lenger ut krykker. Du får kjøpt dei på helsesenteret.
Eg treng hjelpemiddel over lengre tid. Korleis går eg fram?
Når behov for hjelpemiddel strekkjer seg over meir enn 2 år, og når behovet er livsvarig, skjer utlånet frå Hjelpemiddelsentralen etter lov om folketrygd. Du kan fylla ut tilvisingsskjema til ergo/fysioterapeut som ligg på heimesida, eller kontakta Ergoterapitenesta på telefon 56 58 02 07 el. 404 15 541.
Eg har redusert høyrsel og treng hjelpemiddel. Kven skal eg kontakta?
Du kan fylla ut tilvisingsskjema som ligg på heimesida, eller kontakta Ergoterapitenesta på telefon 56 58 02 07 el. 404 15 541.
Eg har eit hjelpemiddel som eg har på utlån frå Hjelpemiddelsentralen. Dette er i ustand. Kva gjer eg?
Du kan ta kontakt med Hjelpemiddellageret/servicemann på tlf. 404 15 542, så kan han reparera det, eller eventuelt senda det til Hjelpemiddelsentralen for reparasjon eller skifte til nytt.
Etter dødsfall i familien er det ein del hjelpemidlar som skal i retur til Hjelpemiddelsentralen. Korleis går eg fram?
Du kan levera dei til Hjelpemiddellageret, Fusa Bu- og behandlingssenter, etter å ha avtala tidspunkt med servicemann på tlf. 404 15 542. Er det vanskeleg for deg å levera sjølv, kan servicemann koma å henta. Ring då 404 15 542.

Ikkje byggemeldingspliktige tiltak

Skal kommunen ha melding om ombygging inne i min eigen bustad?
Skal du innreia til fleire bueiningar, er tiltaket søknadspliktig. Dersom ombygginga berre er endring av rom i eiga eining, skal det berre søkjast dersom beresystem eller branntekniske skilje vert endra, eller dersom tilleggsdel vert teken i bruk til hovuddel, t.d. bod som vert omgjort til soverom. Ombygginga kan omfatta mindre tekniske installasjonar.
Kan eg setja opp levegg utanfor bustaden min?
Dersom leveggen er lågare enn 1,8 meter og inntil 10 m lang, kan du setja han opp utan søknad. I tillegg skal han vera minst 4 meter frå grense til nabo. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at ikkje tiltaket er i strid med lov eller plan for området.
Kan eg byggja meg ei utebod utan å søkja om det?
Mindre bygg på bebygd eigedom kan setjast opp utan søknad eller melding dersom det ikkje er større enn 15 m2 samla bruksareal eller bebygd areal, mønehøgda er under 3 m, og at det ikkje vert nytta til varig opphald. Bygget må plasserast minst 4 meter frå nabogrense. Bruksarealet inngår i grunnlaget ved berekning av tomteutnytting. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at ikkje tiltaket er i strid med lov eller plan for området.
Kan eg grava i eigen hage utan løyve?
Fylling eller planering av terreng er ikkje søknadspliktig, dersom ikkje terrengnivået vert endra meir enn 3 m ut frå opphavleg nivå i spreiddbygd strok, 1,5 meter i tettbygd strok og 0,5 m på eigedom for rekkjehus eller kjedehus. Graving for kablar, lokal drenering og reparasjonar ved røyr- og leidningsbrot kan utførast utan byggeløyve. Pass på ved graving at graveløyve er gjeve. Sjå eiga teneste for dette. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at ikkje tiltaket er i strid med lov eller plan for området.
Kan eg setja opp ein liten mur utan å søkja?
For oppføring av mur er søknadsplikta knytt opp mot avstand til grense og høgd på muren. Kravet for fritak er at muren er under 1 meter høg, dersom han ligg minst 2 meter frå grense, og inntil 1,5 meter, dersom han ligg minst 4 meter frå grense. Det er viktig at mur ikkje hindrar frisiktsone mot veg. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at tiltaket ikkje er i strid med lov eller plan for området.
Er eit hagegjerde omfatta av søknad?
Innhegning mot veg kan vera inntil 1,5 meter høg utan at det vert kravd søknad. Det må ikkje hindra sikt i kryss. Gjerde mot nabo vert ikkje omfatta av plan- og bygningslova. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at ikkje tiltaket er i strid med lov eller plan for området
Kan eg setja inn nye vindauge i huset mitt utan å søkja?
Du kan som hovudregel gjera mindre endringar på fasaden i eigen bustad. Føresetnaden er at det ikkje endrar fasadekarakter på bygget. Det er veldig avhengig av kva stil bygget har frå før. Det kan og vera bygg som er omfatta av spesielle reglar for bevaring av enkeltbygg eller fleire bygg som ein heilskap. Ta kontakt med kommunen for å få vurdert kvar enkelt sak.

Kommunal gjennomgangsbustad

Kven kan nytta seg av tilbodet om kommunal gjennomgangsbustad?
Dei som vert prioriterte er ofte barnefamiliar med akutt behov og andre sosialt vanskeligstilte som grunna økonomiske eller sosiale forhold har vanskar med å ivareta sine interesser på bustadmarknaden.
Kor lenge kan eg bli buande i ein gjennomgangsbustad?
Maksimal butid er i utgangspunktet 3 år.
Kan eg klaga på ein avslått søknad?
Du kan klaga på vedtaket innan ein frist på 3 veker.
Korleis er rutinane for tildelding av kommunal bustad?
Tenestekontoret vurderer søknader etter vanlege sakshandsamingsrutinar, jf. Forvaltningslova. Du får skriftleg svar.

Bygdebok

Kvar kan eg få tak i dei gamle bygdebøkene?
Dei er utselde. Du kan vera heldig å få tak i dei på antikvariat. Dei kan òg lånast på biblioteket og via fjernlån til bibliotek i andre kommunar.

Kulturskulen

Kven kan få undervisning i kulturskulen?

Kulturskuletilbodet er for barn og unge. Dersom det er kapasitet, kan tilbod også gjevast til vaksne, menneske med spesielle behov osb.

Når er søknadsfrist til kulturskulen?

Søknadsfristen for hovudopptaket er 2. april. Vi tek også inn elevar gjennom skuleåret etter kvart som det blir ledige plassar. Plassen gjeld for eitt skuleår om gongen.

Kva undervisningstilbod har kulturskulen?
Undervisningstilbodet er i hovudsak opplæring på ulike musikkinstrument og musikk i livets begynnelse. Kulturskulen har også kortare kurs i m.a. rockeverkstad, musikkteknologi, måling/teikning m.m. Tilbodet kan variera litt frå år til år.
Følgjer kulturskulen grunnskulen si skulerute?
Ja, kulturskuleundervisninga følgjer skuleruta
Kvar går kulturskuleundervisninga føre seg

Undervisninga er desentralisert og føregår på skular og samfunnshus i kommunen. Dersom det er få elevar i ein krins, blir undervisninga samla for fleire krinsar.

Langtidsplass på sjukeheim

Kva lovverk gjeld?

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester og Pasient- og brukarrettighetsloven. .

Kva må til for at eg kan få innvilga langtidsopphald?

Du må ha behov for langtidsplass i sjukeheim fordi du ikkje får dekka det daglege behovet for pleie og omsorg i eigen heim.

Du får plass når det vert fagleg vurdert at dette er det einaste tilbodet som sikrar deg nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester. 

Dersom det ikkje er ledig plass, vert du sett på ei venteliste og tildelt plass så snart som råd. Pleie- og omsorgstenester som imøtekjem behova dine vert gitt i mellomtida. 

Kven avgjer søknaden min?

Tenestekontoret handsamar søknadane, og einingsleiar for Pleie og omomsorg godkjenner vedtaka.

Kven er med på Tenestekontoret?

Tenestekontoret har sakshandsamarar som kjem frå einingane Helse, familie og velferd og Pleie og omsorg.

 

Kor ofte har Tenestekontoret møte?
Tenestekontoret har møte kvar tysdag og handsamar søknader kontinuerleg, men sakshandsamingstida kan vera opptil 4 veker, jf. Forvaltningslova.
Kan eg klaga på vedtaket?

Søkjar kan klaga på vedtaket, jf. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.             

Ein eventuell klage skal sendast til Tenestekontoret, Postboks 24  5649 Eikelandsosen innan fire veker etter vedtak. I klagen skal du skriva kva du ønskjer å endra i vedtaket, og grunngi dette. Du kan få rettleiing av den som har behandla saka i samband med klagen.                                                                                     

Klagen vert først vurdert av den som har fatta vedtaket. Dette for å vurdera om det er grunn til å endra på det. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert saka sendt til Fylkesmannen for vurdering. Søkjar har som hovudregel rett til innsyn i dokumenta i saka, jf. Forvaltningslova § 18.

 

 

 

 

Kva kostar langtidsopphald?

Kommunen kan krevja vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift om vederlag for opphald i institusjon.

Kven arbeider på sjukeheimen?

På sjukeheimen vil du alltid få hjelp av kvalifisert personale, det er alltid sjukepleiar på vakt. I helg og høgtid er det redusert bemanning. Yrkesgrupper som arbeider her er: sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedhjelpar, ergoterapeut, fysioterapeut, lege, aktivitør, personale på kjøkken, vaskeri, reinhald og vaktmeister.

Korleis er sjukeheimen organisert?
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) har berre einerom, fordelt på fire avdelingar:
 
  • Korttids-/rehabiliteringsavdeling med 8 korttids-/rehabiliteringsplassar + 1 øyeblikkeleg hjelp-seng 
  • Langtidsavdelinga med 11 plassar
  • To avdelingar for personar med demenssjukdom, med 8 plassar kvar. 
FBBS har òg eige kjøkken og vaskeri. Tilsynslege, ergoterapeut og fysioterapeut er knytt til sjukeheimen.
Kva får eg hjelp til på sjukeheimen?

Langtidsplass i sjukeheim skal gje brukar nødvendig og individuell hjelp som sikrar dei grunnleggjande behov.

  • Legetilsyn og naudsynt medisinsk behandling
  • Aktivitetstilbod
  • Alle har mål og tiltaksplan som skal dokumenterast i samsvar med lovverket.
  • Alle har primærkontakt.
  • Sjukepleiefagleg vurdering og oppfølging.
  • Fysioterapi og ergoterapi etter tilvising.
  • Tannlege og tannpleiar etter tilvising.
  • Informasjon til pårørande og pårørandemøte etter behov.

 

Kva aktivitetstilbod kan eg vera med på?
Etter ønske kan du vera med på ulike aktivitetstilbod på avdelinga og fellesarrangement, som t.d. turar, song og musikk eller andakt.
 
Det er i mindre grad tilrettelagt for individuelle aktivitetar.
Kva kan eg forventa av dei tilsette?
Du kan forventa å bli møtt på ein respektfull og høfleg måte. Dei tilsette held teieplikta si. At du får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
Kva kan eg gjera når ting ikkje fungerer?
 
Dersom du er misnøgd med måten tenesta vert gitt på, kan du ta kontakt med leiar av Fusa bu- og behandlingssenter.
 
Dersom det ikkje fører fram, kan du gå vidare med saka ved å klaga til Helsetilsynet. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at det skal vera mogleg å løysa saka på det lågaste nivået.

Matlevering

Er det noko krav eller vilkår for tenesta?

Personar som har problem med å laga middag sjølve, kan søkja/ta kontakt. Tenesta vert utført innanfor kapasiteten til kjøkkenet ved Fusa bu- og behandlingssenter.

For å fylla vilkåra, må søkjar vera ute av stand til å ivareta sitt grunnleggjande behov for ernæring på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker.

Kva kostar det?

Det er fast pris pr. porsjon. Prisen omfattar middag, dessert og utlevering. Prisen vert regulert den 1.1. kvart år av kommunestyret. Du finn sats for eigenbetaling på kommunen si heimeside ved å søkja på "prisliste" og sjå under Pleie- og omsorgstenester.

Betaling vert fakturert kvartalsvis på grunnlag av leverte porsjonar.

 

Er det ein søknadsfrist?

Nei, du kan søkja fortløpande.

Søknad skal til Tenestekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside www.fusa.kommune.no 

Eventuelt kan du ringja Tenestekontoret, T.  5658 0170, for søknadsskjema, eller hjelp til søknad. 

 

Kor lang tid tek det å få svar?

Du skal ha skriftleg svar seinast innan 4 veker etter søknad.

Kan eg klaga på avgjerda?

Matlevering er ikkje ei lovpålagd teneste, men ei viktig teneste for å oppfylla andre lovpålagde tenester.

Dersom du vil klaga, sender du klage til Tenesteleiar.

Bruksløyve og ferdigattest

Skal nokon koma å sjå at bustaden min er ferdigbygd?
Kommunen har ikkje lenger kontrollfunksjon ved ferdigstilling av tiltak. Det vil seia for dei fleste tiltak som vert ferdigstilte vert det skrive ut mellombels bruksløyve eller ferdigattest på bakgrunn av kontrolldokumentasjon som dei ansvarlege i byggesaka legg fram. Sakshandsamar kan gjennomføra tilsyn på byggeplass for å sjå til at det ferdige tiltaket er i samsvar med gitt løyve.
Treng eg ferdigattest på kaianlegg og veg?
Så lenge du har fått eit vedtak med godkjende ansvarshavande, skal det setjast fram kontrolldokumentasjon for bruksløyve eller ferdigattest.
Må eg ha ferdigattest for tilbygg og garasje?
Desse tiltaka er gjerne såkalla ”tiltak utan ansvarsrett”, som tiltakshavar sjølv har ansvar for. Det skal ikkje leverast kontrolloppgåver for desse, men det skal gjevast melding til kommunen seinast fire veker etter ferdigstilling med beskjed om tiltaket er i samsvar med det som er omsøkt.
Må eg levera ferdigmelding for driftsbygning i landbruket?
Sjølv om dette stort sett er store bygg, er det likevel såkalla ”tiltak utan ansvarsrett”, som tiltakshavar sjølv har ansvar for. Det skal gjevast melding til kommunen på lik linje med tilbygg og garasjar.
Kan eg flytta inn i ein del av bustaden min medan resten vert bygd ferdig?
Det er mogleg å ta i bruk delar av eit tiltak dersom det vert rekna som trygt nok ut frå dei arbeida som står igjen. Ansvarlege på byggeplassen skal då levera dokumentasjon for mellombels bruksløyve, men sakshandsamar må vurdera om dette skal gjevast. Det skal normalt berre gjevast mellombels bruksløyve dersom det er mindre manglar i tiltaket.
Kvifor er bruksløyve og ferdigattest så viktig?
Å ta eit tiltak i bruk før bruksløyve er gitt, er eit lovbrot. Bruksløyve/ferdigattest skal vera ei overføring av ansvar frå ansvarleg i byggesaka over til eigar. Det skal også vera ein dokumentasjon på at dei ansvarlege i byggesaka er ferdige med sine arbeid. Bruksløyve er avgjerande dersom brann eller anna ulukke skulle skje i tiltaket.
Eg er ferdig med nybygget mitt - korleis får eg ferdigattest?
Ansvarleg søkjar skal senda den nødvendige dokumentasjonen til kommunen, som så sender ferdigattest til deg som eigar. Dersom alt er i orden, får du ferdigattesten innan 3 veker.

Mindre byggearbeid

Eg skal skifta vindauge på huset mitt, må eg søkja om dette til kommunen?
Dersom du skiftar ut eit eldre vindauga med eit nytt som i form og utsjånad er tilnærma likt, treng du ikkje søkja. Søknadsplikt omfattar vesentlege endringar der fasaden sitt visuelle uttrykk vert endra. Er du i tvil så kontakt kommunen.
Kor stort tilbygg kan eg ha på huset mitt utan at eg må ha full byggesak?
Er tilbygget mindre enn 50 m2 bruttoareal eller samla bruksareal, er tiltaket søknadspliktig, men du kan sjølv vera ansvarleg, dvs. "søknad om tiltak utan ansvarsrett". Er tilbygget over 50 m2 må du ha nokon som er bygningsfagleg ansvarleg for tiltaket.
Kan vi setja opp eit takoverbygg over inngangspartiet utan å søkja om dette til kommunen?
Du treng vanlegvis ikkje søkja dersom takoverbygget ikkje endrar fasaden sitt visuelle uttrykk vesenleg eller kjem nærare eigedomsgrensa enn 4 m. I enkelte tilfelle kan likevel overbygget påverka tomteutnyttinga (TU/%BRA) på eigedomen. Er du i tvil, spør kommunen.
Kven av naboane skal ha nabovarsel når eg skal byggja på huset mitt?
Hovudregelen er at dei som grensar direkte til tomta di skal varslast. I tillegg skal gjenbuar varslast, det vil seia dei som bur over vegen for deg.
Vi har ein nabo som bur ca 200 meter frå huset vårt, skal han varslast?
Nei, vi seier som ein hovudregel at avstanden skal vera innanfor 150 meter for at det er nødvendig med nabovarsel. Tiltaket kan likevel få konsekvensar for nabo, så er du i tvil, send nabovarsel eller kontakt kommunen.
Eg kjem ca 3 meter frå nabogrensa med det nye tilbygget mitt, er det greit?
Hovudregelen er at avstanden frå bygningen sitt veggliv til nabogrensa skal vera 4 meter. Plassering nærare enn 4 meter krev skriftleg samtykke frå naboen, såkalla positiv fråstandserklæring. Dette må leggjast ved som eit eige skriv i søknaden, det er ikkje nok at naboen har kvittert på nabovarslingsskjema.
Eg har levert inn ei sak om tilbygg på bustaden min, når kan eg forventa svar?
Søknad om tiltak utan ansvarsrett skal vera handsama innan 3 veker. Har nabo berre kryssa av for motteke varsel, må kommunen venta med handsaming til merknadsfristen på 14 dagar er ute. Dersom nabo har kryssa av for at dei samtykkjer i tiltaket, treng ikkje kommunen venta til merknadsfristen er ute.
Eg skal byggja garasje, kor langt frå nabogrensa kan eg setja garasjen?
Frittliggjande bygg som garasje, uthus og liknande under 50 m2 bruttoareal kan plasserast inntil 1 meter frå nabogrensa. For frittliggjande bygg over 50 m2, skal avstand til nabogrense vera 4 meter (pga brannomsyn). Plassering nærare enn desse grensene krev skriftleg samtykke frå tilgrensande nabo, såkalla fråstandserklæring.
Må eg betala noko for å melda byggesaka til kommunen?
Ja, du får tilsendt eit krav på byggegebyr. Sjå betalingssatsane til Fusa kommune, som du finn under toppmenypunktet "Kontakt oss" her på heimesida.
Vi skal byggja ei leikehytte i hagen, må dette søkjast om til kommunen?
Dersom bygget er mindre enn 15 m2, er tiltaket i utgangspunktet fritatt for søknadsplikt til kommunen. Dette gjeld t.d. leikehytter, hagebod m.m. Vi rår deg likevel til å ta kontakt med naboane dine, slik at dei får høve til å uttala seg. Du må også følgja gjeldande krav til m.a. avstand til grense (4 m). Bruksarealet inngår i grunnlaget ved utrekning av tomteutnytting (TU/%BRA).
Må eg ha byggeløyve før eg kan byrja å grava på tomta mi?
Det skal i utgangspunktet vera gitt byggeløyve før gravinga tek til. Om du vil starta nokre dagar før, må du ta kontakt med sakshandsamaren som har byggesaka di.

Nabovarsel

Kva tiltak må eg nabovarsla?
Nabovarsel skal du bruka i høve "Søknad om tillatelse til tiltak", "søknad om tiltak utan ansvarsrett", søknad om deling av eigedom og søknad om dispensasjonar.
Kva naboar skal varslast?
I høve byggesak er det i stor grad dei som er direkte tilgrensande naboar og gjenbuarar (naboar på andre sida av veg) som skal varslast. Ta kontakt med kommunen for å få liste over dei aktuelle naboane. I delingssaker skal dei som fysisk grensar til ny eigedom varslast. I høve søknad om dispensasjon er det først og fremst dei same som vert varsla som i byggesak.
Kan kommunen krevja at eg nabovarslar på nytt for ei innlevert sak?
Ja, sakshandsamar skal vurdera tida mellom nabovarsel og innlevering av sak. Det kan ha vore eigarskifte på eigedommar i tida mellom varsling og innlevering. Sakshandsamar skal og vurdera om tiltaket kan ha konsekvensar for andre enn dei som er varsla. Då kan det koma krav om utvida varsling til grunneigarar eller til andre interessentar som til dømes elveeigarlag, grannelag eller tilsvarande.
Kva skal eit nabovarsel innehalda?
Naboen skal i tillegg til skjema "Nabovarsel" også ha kopi av teikningar og kopi av kart som viser kva som skal gjerast i saka som vert nabovarsla. Det bør også liggja ved ei skriftleg skildring når det er søknad om dispensasjon eller ved spesielle tiltak. Desse vedlegga skal naboen ha uansett om varselet vert sendt i posten eller levert på døra.
Kan eg levera nabovarslet til naboen min sjølv?
I dei aller fleste sakene er det gjerne ein fordel om du leverer nabovarsel sjølv. Då kan det vera høve til å diskutera korleis tiltaket skal sjå ut, plassering og omstende rundt tiltaket. Hugs kvittering på gjenpart av nabovarsel.
Kva gjer eg når eg ikkje får kontakt med naboen min?
Der grunneigar ikkje bur på same stad som tiltaket står, kan nabovarsel sendast i posten. Slike sendingar skal vera rekommanderte. Posten stemplar og signerer då på skjema "Gjenpart av nabovarsel". I nokre tilfelle kan det vera vanskeleg å finna ut kven som eig eigedommen. Til dømes kan dette vera uskifta dødsbu. Då kan det vera behov for å ta kontakt med sorenskrivarkontoret for å finna bustyrar eller representant for eigar. Dette kan du gjera sjølv etter avtale med sakshandsamar ved kommunen.
Kor lang tid må eg venta etter nabovarsel er levert og til saka mi kan handsamast?
Når nabo har fått varsel personleg og har kryssa av for "Ingen merknad", kan saka takast opp til handsaming omgåande. Nabovarsel som er sendt rekommandert eller når nabo har kryssa for "Varsel motteke", skal ha ei ventetid på 14 dagar før saka kan handsamast. Det er denne tida naboen skal kunna nytta for eventuelt å senda inn merknad.
Må eg varsla naboen som eg kranglar med?
Ja, alle naboar som har rett på varsel, skal ha dette. Det er ikkje høve til å utelata nokon ut frå private forhold.

Omsorgsløn

Kven kan få omsorgsløn?

Omsorgsstønad (tidlegare omsorgsløn) vert gitt til personar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen for eit familiemedlem som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp i kvardagen. Vedtak om hjelpestønad etter lov om folketrygd skal også liggja til grunn. 

For å få tildelt omsorgsstønad må kommunen ha vurdert dette som den mest hensiktsmessige måten å yta tenester på i kvart enkelt tilfelle.

  • Det er mest hensiktsmessig for brukar å motta hjelp frå søkjar av omsorgsstønad.
  • Det er mest hensiktsmessig for kommunen å tilby omsorgsstønad i samarbeid med, eller i staden for, andre tenester.
  • Søkjar av omsorgsstønad må ha nødvendig innsikt og opplæring for å yta omsorg til den omsorgstrengjande
Korleis søkjer eg om omsorgsløn?

Søknad om omsorgsstønad (omsorgsløn) sender du til Tenestekontoret, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside.

Eventuelt kan du ringja Tenestekontoret på T. 5658 0170 for søknadsskjema, eller hjelp til søknad.

Det er ikkje søknadsfrist for omsorgsløn.

Skriftleg vedtak på tenesta skal føreliggja seinast fire veker etter søknad.

 

Kan eg klaga på vedtaket?

Vedtaket kan etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2 påklagast.

Ei eventuell klage skal sendast til Tenestekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen innan fire veker etter vedtak. I klagen skal du skriva kva du ønskjer å endra i vedtaket, og grunngi dette. Du kan få rettleiing av den som har behandla saka når du jobbar med klagen.

Klagen vert først vurdert av den som har fatta vedtaket. Dette for å vurdera om det er grunn til å endra på det. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert saka sendt til Fylkesmannen for vurdering. Søkjar har som hovudregel rett til innsyn i dokumenta i saka, jf. Forvaltningslova § 18.

 

Oppmålingsforretning

Kan eg gjennomføra dette som ei grensejustering?
Arealet for dei involverte eigedommane kan aukast eller reduserast med inntil 5 % målt mot den minste eigedommen, men maksimalt 500 kvadratmeter. Ein eigedom kan ikkje avgje meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa (minst 80 % av eigedomen ”skal liggje i ro” på same stad som før justeringa).

Overformynderiet

Kvar får eg tak i søknadskjema for hjelpeverje?
Dette får du i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.
Når er det møte i Fusa overformynderi?
Det er etter behov, i snitt ca. ein gong i månaden
Kvifor kan ikkje eg og foreldra mine forvalta dei midlane som eg har arva før eg fyller 18 år?
I følgje §§ 62 og 63 i verjemålslova skal umyndige sine midlar, dersom det overstig kr 75 000, forvaltast av overformynderiet. Dette er gjort for å sikra at midlane går til den som har arva midlane, når vedkomande er fylt 18 år. Foreldra har høve til å søkja overformynderiet om å nytta deler av midlane før vedkomande er fylt 18 år. Søknaden må grunngjevast, og midlane skal gå til den umyndige.
Kven kan få hjelpeverje?
Hjelpeverje vert oppnemnt til myndige personar som på grunn av sjukdom, demens, psykisk utviklingshemming eller fysisk funksjonshemming ikkje kan ivareta sin interesser. Det må liggja føre legeerklæring.
Kva må søknaden innehalda?
Søknad om oppnemning kan koma frå t.d. nære pårørande, ansvarleg lege eller tilsynslege ved institusjon der vedkomande er innlagd. Søknaden må innehalda tilfredsstillande legeerklæring om at vedkomande på grunn av sjukdom, senil demens, psykisk utviklingshemming eller fysisk funksjonshemming ikkje lenger kan ivareta sine interesser. Det må vera samtykkje frå den som skal ha oppnemnd hjelpeverje, dersom det ikkje går fram av legeerklæringa at innhenting av samtykkje er umogeleg eller av særlege grunnar utilrådeleg
Kven gjer endeleg vedtak?
Overformynderiet sitt vedtak vert sendt som tilråding til Tingretten, som i sin tur oppnemner hjelpeverje.
Kan eg klaga på vedtaket?
Dersom du ikkje er nøgd med avgjerda i verjemålssaker - t.d. ved oppnemning av verje - kan du innan tre veker etter at du mottok meldinga senda klage til Fylkesmannen. I klagen må det gå fram kva du ønskjer endra i vedtaket og det må grunngjevast.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Kven kan ta kontakt med PPT?
Føresette, helsesøster, lege, barnehage, skule eller andre instansar kan tilvisa barn/ungdom til PPT. Dersom andre enn føresette tilviser, skal alltid føresette skriva under på denne tilvisinga. Tilvising vert som oftast gjort i samråd mellom PPT og barnehage/skule, men først etter at barnehage og skule har gjort sine eigne vurderingar og kartleggingar. Føresette kan og ta direkte kontakt med PPT dersom ein har spørsmål som gjeld eigne barn, før ein skriv under på ei eventuell tilmelding.
Korleis får ein ”time” hjå PPT?
Bruk eige tilvisingsskjema til PPT, som du finn her på heimesida, eller ta kontakt direkte pr. telefon. Dersom andre enn føresette tilviser, skal alltid føresette skriva under på denne tilvisinga. Tilvising vert som oftast gjort i samråd mellom PPT og barnehage/skule, men først etter at barnehage og skule har gjort sine eigne vurderingar og kartleggingar. Føresette kan og ta direkte kontakt med PPT dersom ein har spørsmål som gjeld eigne barn, før ein skriv under på ei eventuell tilmelding.
Kostar det noko å nytta PP-tenesta?
Nei, alle tenester ved PPT-kontoret er gratis.

Reguleringsplan privat

Kven kan laga ein reguleringsplan?
Alle kan fremja forslag til privat detaljreguleringsplan. Ein slik reguleringsplan skal utarbeidast av fagkunnige. Kommunen har utarbeidd ein ”Startpakke for reguleringsplanar”. Denne finn du på heimesida til kommunen, eller du kan ta kontakt med kommunen for å få han tilsendt.
Kva dokument høyrer til ein reguleringsplan?

Reguleringsplanen består av plankart, planomtale med ROS-analyse, og føresegner og retningslinjer. For planar med krav om konsekvensutgreiing (KU), er det krav om eit planprogram som skal vedtakast politisk før oppstart. Reguleringsplanen skal utarbeidast som skildra i Fusa kommune si startpakke for reguleringsplanar. Planen skal leverast i digital form etter avtale med kommunen. Kontakt Fusa kommune via e-post: postkasse@fusa.kommune.no eller tlf. 56 58 01 00.

Kan eg klaga på vedtaket?
Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplanen kan påklagast til Fylkesmannen. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klage som gjeld tilhøve som er avgjort tidlegare gjennom klage eller motsegn, kan avvisast. Eventuell klage skal sendast til kommunen som førebur den til handsaming i det faste utvalet for plansaker. Dersom kommunen ikkje finn å ta klagen til følgje, vert klagen med rådmannen si saksutgreiing og Utval for plan og miljø sitt vedtak sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg. Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa. Kommunen vil kunna gi råd ved utforming av merknader, klager m.m.
Korleis skal eg utforma ein merknad til ein reguleringsplan som er ute til offentleg ettersyn?

Bruk Fusa kommune sitt digitale skjema for høyringsuttalar, som du finn på heimesida. Merknaden må vera komen inn til kommunen før høyringsfristen er ute.

Kan eg få hjelp av kommunen til å forstå planen og korleis dette verkar inn på min eigedom?
Ja, du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp/forklaring av planforslaget.
Skal ein reguleringsplan alltid til politisk handsaming?
Ja, kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Korleis søkjer eg om dispensasjon frå t.d. gjeldande planar?

Bruk skjema for dispensasjonssøknad frå PBL 19-1 på heimesida til kommunen. Som tiltakshavar kan du søkja om dispensasjon sjølv, eller du kan overlata jobben til nokon andre som søkjer på dine vegner. I søknaden skal du beskriva tydeleg kva for føresegner du søkjer dispensasjon frå, og grunngje  kvifor du meiner det bør gjevast dispensasjon. Sjå informasjon på www.dibk.no.

Kva er saksgangen ved ein dispensasjonssøknad?
Før søknaden vert handsama, skal naboar, gjenbuarar og berørte offentlege instansar varslast og få høve til å uttala seg. I enkle kurante saker vert dispensasjonssøknader handsama administrativt. Elles vert slike søknader lagt fram for det faste utvalet for plansaker, Utval for plan og miljø, som fattar vedtak.
Kva kostar det å søkja om dispensasjon?
All sakshandsaming av dispensasjonssøknader vert fakturert i samsvar med kommunen sitt gebyrregulativ for handsaming av plansaker. Sjå gjeldande betalingssatsar her på heimesida.

Seksjonering av bygningar og oppmålingsforretning

Kan alle eigedommar seksjonerast?
Seksjonering skal omfatta berre ein eigedom (eitt bruksnummer). Dersom eit bygg er bygd over fleire eigedomsparsellar, er det viktig å få samanføyd desse før seksjonering. Alle bygg med fleire bueiningar eller fleire næringseiningar kan i prinsippet seksjonerast. Seksjonering er likevel mest nyttig der eigedommen ikkje kan delast for å danna eigne eigedommar til kvar bygningsdel.
Kva tid kan ein eigedom seksjonerast?
For nybygg kan det setjast fram begjæring om seksjonering når rammeløyve er gjeve. I mange høve vil det likevel vera mest praktisk å avventa til funksjonane i bygget er endeleg bestemt. Dette er ut frå at husteikningar skal visa kva dei ulike seksjonane omfattar. Desse vert sendt til tinglysing saman med begjæring og situasjonskart. Eldre bygg kan seksjonerast når bygget er ferdig utbygd. Det vil seia at dersom bygget er under ombygging, må dette arbeidet sluttførast før bygget kan seksjonerast.
Kan eg seksjonera eigen bustad?
Seksjonering er nytta i ein del høve for å omgå skatt for utleigedel i eigen bustad. Dersom du har utleige i nokon del av bygget på seksjoneringstidspunktet, skal kommunen ha liste over desse saman med begjæring. Ein del leigetakarar har rett på å kjøpa sin bustadseksjon til 80 % av kjøpesum dersom leigeavtalen ikkje går ut innan to år etter seksjonering er gjennomført. Dette gjeld likevel ikkje for framleigar, leigetakar i vaktmeisterbustad, leigetakar i samleseksjon for bustad, eller bustad for personar med spesielle behov av mellombels eller varig karakter eller tenestebustad.
Har eg som seksjonseigar dei same rettane som heimelshavar til ein sjølveigd eigedom?
Som seksjonseigar har du ein einerett til bruk av din seksjon og ein rett til å bruka fellesareal i sameige. Det er derfor viktig at du gjer deg kjend med kva areal som høyrer til din seksjon og kva som er felles for alle.
Kva er handsamingstida for ei seksjoneringssak?
Det er ikkje lovfesta tidsfristar i seksjoneringssaker, men desse sakene er gjerne knytt saman med sal av husvære eller næringsseksjonar. Vi ønskjer derfor å kunna handsama sakene så fort som mogleg. Normalt er handsamingstida innafor to til tre månader, men store saksmengder på andre område kan føra til at det tek noko lenger tid.
Kva må eg betala i gebyr for å seksjonera?
Gebyret er sett saman av ein handsamingsdel og ein tinglysingsdel. Gebyrsatsen for kommunal handsaming finn du i gebyrregulativet – sjå under snarvegar på denne sida. Gebyret er fastsett til tre gongar rettsgebyr dersom det ikkje er gjennomført synfaring på staden, og fem gongar rettsgebyr dersom det er gjennomført synfaring på eigedommen. Tinglysingsdelen er i dag sett til 1,8 gongar rettsgebyret. Rettsgebyret vert fastsett av Justisdepartementet gjennom lov om rettsgebyr.
Kan eg gjennomføra oppmålingsforretning som ei grensejustering?
Arealet for dei involverte eigedommane kan aukast eller reduserast med inntil 5 % målt mot den minste eigedommen, men maksimalt 500 kvadratmeter. Ein eigedom kan ikkje avgje meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa (minst 80 % av eigedomen ”skal liggja i ro” på same stad som før justeringa).

SFO - skulefritidsordning

Når er fristen for å søkja om SFO-tilbod?

Hovudsøknadsfristen er 1. mars. Det kan søkjast om opptak heile året, då med oppstart etter avtale med SFO-leiar på den enkelte skule.

Korles seier eg opp SFO-tilbodet?

Oppseiingsfristen er ein månad. Skriftleg melding må sendast til skulen før den 1. i kvar månad med verknad frå den 1. i påfølgjande månad. Sluttar barnet etter 1.mars, er regelen at det skal svarast betaling for resten av skuleåret.

Kva er opningstida i SFO?

I utgangspunktet er det ope frå kl. 7.30 før skulestart og til 16.30 på ettermiddagen. Opningstida kan variera frå oppvekstsenter/skule til oppvekstsenter/skule. Sjå under SFO-tilbodet på den staden der du ønskjer plass.

Kva er prisane på SFO-tilbod?

Sjå snarvegen "Betalingssatsar" ovanfor. SFO-betalinga vert vedteken av kommunestyret kvart år i desember saman med resten av prisane og avgiftene i Fusa kommune sitt gebyrregulativ. Dei gjeld for eitt år om gongen frå 1. januar.

Finst det eit sommartilbod?
Fusa oppvekstsenter har eit tilbod for elevar frå heile kommunen haustferie, vinterferie og sommarferie. Det er ekstra betaling for SFO i feriane.

Skorstein og eldstad

Kan eg setja inn ein ny omn i huset mitt sjølv?
Ja. Kommunen skal ha melding om installasjonen, jf. ”Forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn §2-4”. Bruk skjemaet ”Melding om installasjon av eldstad”, som du finn her på denne nettsida..
Finst det noko godkjenningsordning for omnar i Noreg?
Ja, Sintef skal godkjenna omnane som er i sal i Noreg. Gå inn på deira nettsider – http://www.sintef.no/nbl - for å sjekka om den omnen du vurderer å kjøpa er godkjend.
Eg har ein gamal antikvarisk omn som ikkje finst på lista til Sintef over godkjende omnar. Eg hadde tenkt å setja omnen inn igjen etter restaurering av huset, kan eg det?
Gamle antikvariske omnar (frå før 1940) er unnateke frå godkjenningsordninga til Sintef. Ta kontakt med feiar for meir informasjon.
Eg ønskjer å setja inn pipe og omn i bustaden min, kan eg bruka dette skjemaet om innrapportering av eldstad?
Nei, oppføring av pipe er eit søknadspliktig tiltak, det vil seia at du må ha ein fagansvarleg som søkjer for deg. Skjemaet "Melding om installasjon av eldstad” – jf. ”Forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn §2-4” skal nyttast der pipe er oppsett frå før.

Slamtømming

Kor ofte er det tømming av slamavskiljar?
Slamavskiljar for bustadhus skal tømmast kvart 2. år, medan det for hytter er pålegg om tømming kvart 4. år.
Kva er prisen på slamtøming?
Sjå gebyrregulativet, som du finn under toppmenypunktet "Kontakt oss" > Betalingssatsar. Avgifter, gebyr og betalingssatsar (= gebyrregulativet) vert vedtekne av kommunestyret kvart år under budsjetthandsaminga i desember.
Må eg betala slamtømegebyr dersom det ikkje bur folk i huset?
Du kan søkja om fritak dersom eigedommen har stått tom og/eller kjem til å vera heilt ubrukt i ein heil tømmeperiode. Ein tømmeperiode er to år for bustader og fire år for fritidshus. Siste tømming for bustadar var i 2011, siste tømming for fritidshus var i 2009.
Kan eg få godkjent gebyrsats for fritidshus dersom det ikkje bur folk fast i bustadhuset mitt?
I Fusa blir bygningar ilagt gebyr etter kva dei er godkjende som etter plan- og bygningslova og uavhengig av kor mykje dei blir brukte. Alternativet vil vera å søkja om bruksendring etter plan- og bygningslova. Dersom det vert godkjent, kan gebyra også endrast.
Eg treng ekstra tømming av septiktanken min. Kven kan eg ta kontakt med?
Du kan ta kontakt med Johny Birkeland Transport AS på tlf. 57 78 11 70.

Støttekontakt

Kven har rett til å få støttekontakt?
Barn, unge og vaksne med funksjonshemming, psykiske problem, sosiale problem, eller som er ukjende med det norske samfunnet, kan ha rett på støttekontakt. Må ein ha tilrettelegging og hjelp for å kunna gjera aktivitetar på fritida, kan ein støttekontakt vera eit aktuelt tilbod.
Kva skal søknaden innehalda?
Søknaden må innehalda opplysningar om bakgrunnen for søknaden, målet med tiltaket og kor mange timar i månaden ein ønskjer støttekontakt. Søknaden må også innehalda informasjon om korleis ein kan nå søkjaren på dagtid. Det er fint om søknaden også inneheld opplysningar om interesser, ønske og spesielle krav. Dersom ein har forslag til nokon som kan vera støttekontakt, er det også greitt å få med.
Kva kostar det å ha støttekontakt?
Tenesta er gratis, men tenestemottakar må sjølv dekkja utgifter i samband med oppdraget som t.d. kinobillett, mat, heiskort, ferje o.l.
Kor mange timar i veka/månaden kan ein få støttekontakt?
Det vanlegaste er 2-3 timar i veka. Sakshandsamar for tenesta vurderer behov og tilbod, og gjev evt. råd og rettleiing.
Har sakshandsamar og støttekontakt teieplikt? Ja, etter forvaltningslova § 13.
Ja, etter forvaltningslova § 13.
Får alle som søkjer om støttekontakt tilbod?
Ikkje alle vil få det tilbodet dei søkjer om. Sakshandsamar for tenesta vurderer behov og tilbod, og gjev evt. råd og rettleiing.
Kven kan verta støttekontakt?
Du må vera over 18 år, utadvendt, sjølvstendig, glad i menneske og kunna ha jobben over ein periode. Dei som søkjer støttekontakt, har mange ulike interesser frå trening og turgåing til dyr, kino, kaféturar osb. Derfor treng vi òg støttekontaktar med ulike interesser. Det er viktig for dei som får ein støttekontakt og byggjer ein relasjon til personen, at ein veit at støttekontakten vil vera der over ei tid. Støttekontakten og brukar av tenesta avtaler seg i mellom korleis timane skal nyttast. Nokre vel å treffast til same tid kvar veke, medan andre nokre gonger samlar opp timar og tek ut heile dagar om der er noko spesielt dei vil gjera.
Får eg løn for å vera støttekontakt?
Støttekontaktar får lønn og køyregodtgjersle etter staten sine retningsliner.

Svangerskap og fødsel/jordmortenesta

Må eg gå til lege før eg kontaktar jordmortenesta?
Du kan velja om du vil nytta lege eller jordmor ved den første kontrollen. Det er tilrådd å ha denne kontrollen mellom 8-12 veker etter siste menstruasjon. Etter dette er det vanlegvis jordmor som har dei vidare kontrollane, men du kan også velja å gå til lege i staden.
Må eg gå til jordmor under svangerskapet?
Svangerskapsomsorg er frivillig og den gravide vel sjølv om ho vil følgjast opp av fastlege eller jordmor i svangerskapet, eller gjennom eit samarbeid mellom jordmor og fastlege.
Kostar det noko å gå til svangerskapskontroll?
Nei, kontrollar både hjå lege og jordmor er gratis når du er gravid.
Kor ofte bør eg gå til kontroll under svangerskapet?
Nasjonale retningsliner inneber at gravide med normalt svangerskap har 6-8 kontrollar i løpet av svangerskapet, i tillegg til ultralydundersøking. Dei som har behov for det, vil bli henvist til kontroll og oppfølging av spesialist eller tettare oppfølging av jordmor og/eller fastlege.
Kva tid på dagen kan eg få time hjå jordmor?
Jordmor har vanlegvis timeavtalar mellom 08.30 og 14.30. Ta kontakt med helsestasjonen/jordmor for å bestilla time. Send gjerne ein sms eller ein e-post. Du får svar når jordmor har neste kontordag.
Kvar held jordmor til?
Jordmor held til på Eikelandsosen helsestasjon i 2. høgda i Fjord’n Senter i Eikelandsosen.
Kva om eg opplever komplikasjonar under svangerskapet?
Dei som har behov for det, vil bli henvist til kontroll og oppfølging av spesialist eller tettare oppfølging av jordmor og/eller fastlege.
Kva om eg får akutt behov for jordmor?

Då må du ringja 113 eller evt. Fusa legevaktsentral tlf. 56 58 02 80. Du kan òg ringja jordmor ved fødeavdelinga på Haukeland sykehus - innleggingstelefonen for fødande: tlf. 55 97 22 00.

Kan eg klaga på tenesta?
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klaga over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greia ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskriva kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunna rettleia deg. Klagen blir send til den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket. Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klaga til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at det skal vera mogleg å løysa saka på det lågaste nivået.

Korttidsopphald på sjukeheim

Kva må til for at eg kan få innvilga korttidsopphald?

Kriterier for å få tildelt plass: 

  • Behov for behandling på grunn av nedsett funksjonsnivå knytt til sjukdom, skade eller generell alderdomssvekking
  • Vurdert til at søkjar har rehabiliteringspotensiale, og er motivert for dette
  • Behov for kartlegging av funksjonsnivå og hjelpebehov i samarbeid med heimetenestene
  • Behov for hjelp til kartlegging og vurdering i forhold til symptomlindrande  behandling

 

Kor lenge varer opphaldet?
Varierer etter individuelle behov. Det vanlegaste er 3-4 veker.
Kva kostar korttidsopphald?

Satsane for tidsavgrensa opphald (korttidsopphald) i institusjon vert fatta av kommunestyret. Gjeldande kommunale betalingssatsar vert justert 1. januar kvart år. Du finn sats for eigenbetaling på kommunen sin nettside ved å søkja på "prisliste". 

Transport til og frå er ikkje inkludert.                                                                 

Dersom opphaldet varer over 60 dagar, vert betaling som ved langtidsopphald. Jamfør ”forskrift for vederlag for opphald i institusjon m.v.” 

 

Kven avgjer søknaden min?

Søknad vert å senda til Tenestekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Søknadsskjema får du ved å venda deg til Tenestekontoret, Fusa bu- og behandlingssenter eller til heimesjukepleieområdet der søkjar bur. 

Søknadsskjema finn du ved å nytta søkeord "tidsavgrensa opphald søknad" på heimesida til Fusa kommune. 

Skriftleg vedtak vert sendt til søkjar.

 

Kan eg klaga på vedtaket?

Vedtaket kan etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2 påklagast. Ein eventuell klage skal sendast til Tenestekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen innan fire veker etter vedtak. I klagen skal du skriva kva du ønskjer å endra i vedtaket og grunngi dette. Dersom du treng hjelp til å utforma klagen, kan du ta kontakt med sakshandsamar. 

Klagen vert først vurdert av den som har fatta vedtaket. Dette for å vurdera om det er grunn til å endra på det. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert saka sendt til Fylkesmannen for vurdering. Søkjar har som hovudregel rett til innsyn i dokumenta i saka, jf. Forvaltningslova § 18.

Du kan òg klaga på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

 

Kven arbeider på sjukeheimen?

På sjukeheimen vil du alltid få hjelp av kvalifisert personale. Det er alltid sjukepleiar på vakt. I helg og høgtid er det redusert bemanning. Yrkesgrupper som arbeider her er: Sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedhjelpar, ergoterapeut, fysioterapeut, lege, aktivitør, personale på kjøkken, vaskeri, reinhald og vaktmeister.

Korleis er sjukeheimen organisert?

Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) har berre einerom, fordelt på fire avdelingar:

  • Korttids-/rehabiliteringsavdeling med 8 korttids-/rehabiliteringsplassar + 1 øyeblikkeleg hjelp-seng 
  • Langtidsavdelinga med 11 plassar
  • To avdelingar for personar med demenssjukdom, med 8 plassar kvar. 

FBBS har òg eige kjøkken og vaskeri. Tilsynslege, ergoterapeut og fysioterapeut er knytt til sjukeheimen. 

Kva får eg hjelp til på sjukeheimen?

Korttidsopphald i sjukeheim skal vera målretta og individuelt tilpassa brukar sitt behov for opptrening, behandling, kartlegging og planlegging av vidare tenestebehov.

Gjennom dette skal brukar: 

  • Oppleva tryggleik og velvære
  • Oppleva medverknad i behandlinga
  • Få hjelp til naudsynt og målretta trening
  • Få hjelp til å ivareta eigenomsorg
  • Få lindrande behandling og ei verdig avslutning på livet

 

Kva aktivitetstilbod kan eg vera med på?

Etter ønske kan du vera med på ulike aktivitetstilbod på avdelinga og  fellesarrangement, som t.d. turar, song og musikk eller andakt.

Det er i mindre grad tilrettelagt for individuelle aktivitetar.

Kva kan eg forventa av dei tilsette?
Du kan forventa å bli møtt på ein respektfull og høfleg måte. Dei tilsette held teieplikta si. At du får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
Kva kan eg gjera når ting ikkje fungerer?

Dersom du er misnøgd med måten tenesta vert gitt på, kan du ta kontakt med leiar av Fusa bu- og behandlingssenter.

Dersom det ikkje fører fram, kan du gå vidare med saka ved å klaga til Helsetilsynet. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at det skal vera mogleg å løysa saka på det lågaste nivået.

Vaksinar

Eg skal ut og reisa. Kven kan gje meg informasjon om kva vaksinar eg bør ta
I Fusa er det fastlegane som gjev vaksineinformasjon og skriv resept på dei nødvendige vaksinane. Stort sett blir vaksinane sett av helsesekretærane ved fastlegekontora.
Kva kostar det å ta vaksine?
Du må betala for å få informasjon om kva vaksinar du treng. I tillegg betaler du for dei vaksinane du får.
Til kva reisemål bør eg ta vaksine?
Indikasjon for å tilrå vaksine er avhengig av reisemål, reiseform, varigheit, den reisande sin alder, helsetilstand og tidlegare vaksinasjonsstatus. Ingen vaksine er som regel nødvendig ved reiser til Vest- og Sør-Europa, Kanariøyane, Madeira, USA, Canada, Australia og New Zealand.
Kor lang tid i førevegen må eg ta vaksine?
Det kjem på reisemål. Dei fleste vaksinane ein treng er verksame alt etter 1-3 veker. Men dersom ein skal til eit reisemål der det t.d. er anbefalt vaksine mot hepatitt B, bør ein starta meir enn eit halvt år i førevegen, då ein i slike høve treng ein vaksine som vert sett i 3 omgangar med fleire månaders mellomrom (0, 1 og 6 mnd).

Tilkopling vatn/avlaup/overvatn

Kvar er tilkoplingspunkt for vatn/avlaup og overvatn?
Ta kontakt med "Teknisk drift" for nærare informasjon.
Kven kan montera vassmålar?
Dette kan du anten leiga ein røyrleggjar til å gjera for di rekning, eller du kan tinga hos kommunen. Dersom kommunen syter for montering, må du betala ei leige (sjå gebyrregulativet).

Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk

Når får eg faktura på tilknytingsgebyr?
Krav om tilknytingsgebyr vert utsendt etter at du har fått godkjent byggemelding for nybygg eller utviding av eksisterande bygg. Ved tilbygg til bustad/fritidsbustad må du betala tilknytingsgebyr dersom utvidinga/nybygget fører til at bygningen får ei ny bueining. For tilbygg til næringsbygg skal det betalast etter areal for heile tilbygget.
Kva er prisen på tilknytingsgebyret?
Sjå i gebyrregulativet. Link til dette finn du her på sida.

Årsgebyr for vatn og kloakk

Korleis vert årsgebyret utrekna?
Årsgebyret er todelt – abonnementsgebyr og forbruksgebyr. Abonnementsgebyret er ein fast sum og går fram av gebyrregulativet. Forbruksgebyret er avhengig av målt forbruk for dei som har vassmålar. For dei som ikkje har vassmålar vert forbruksgebyret rekna ut frå bruksareal på eigedommen. Når du har vassmålar på eigedommen, vil du få tilsendt eit vassmålaravlesingskort som skal avlesast rundt årsskiftet. Du skriv på målarstanden og returnerer kortet til Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. På fakturaen med forfall 25.2. får du avrekning på forbruket for førre år. På termin med forfall 25.9. blir abonnementsgebyret fakturert.
Kva er med i bruksarealet?
I bruksareal vert det rekna alt areal innanfor yttervegg. På loft er det areal som har ei takhøgd på over 1,90 m i minst 0,6 m breidde på tvers på mønet som er målbart. Det vert så lagt til 0,6 m på kvar side, slik at minste målbare areal er 1,8 m breidde x lengda på huset. Garasje som er ein del av ein bustad vert rekna inn i samla gebyrpliktig bruksareal på eigedommen.
Når blir årsgebyret rekna frå?
Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den dato du har fått ferdigattest/ bruksløyve på bygget.
Kva er prisane på vatn og kloakk?
Sjå i gebyrregulativet. Link til dette finn du her på sida.
Skal eg betala årsgebyr for samla bruksareal på eigedommen når eg berre har teke i bruk kjellarhusværet?
Ut frå forskriftene for vass- og kloakkgebyr § 8 skal ein rekna årsgebyr frå tilknytingstidspunktet, men vi reknar frå du får ferdigattest/bruksløyve. Gebyra skal reknast ut på grunnlag av totalt bruksareal på eigedommen § 6 i forskriftene, sjølv om berre delar av huset er teke i bruk.
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30