Etter-jobb-turar

Vil du vera med på tur etter jobb? Tirsdag 6. mai hadde ein gjeng kommunetilsette frå ulike arbeidsplassar ein fin tur til Havsgårdvatnet. Neste tur vert over Hovda tirsdag 13. mai. Målet er å få til ein tur i veka i området rundt Eikelandsosen, slik at dei som har arbeidsplassen sin i kommunesenteret, kan vera med på Fusa-i-farten-tur før dei reiser heim. Avgang kl 15.45.

13. mai over Hovda

Parkering ved løo til Oddvar på Helland. Initiativtakar Anne Skagseth opplyser at du får panoramautsikt over Eikelandsosen og Fusafjorden mot Tysnes pluss vandring i nydeleg lysegrøn lauvskog. Ta med pose dersom du er interessert i å plukka ramsløk. Turen tar ca 1 time. 

Følg med på Facebook-gruppa Fusa i farten for fleire turar, tips og foto!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30