Eldredagen 2014 i Fusa

Eldredagen onsdag 1. oktober vert markert med ei samling i Eikelandsosen bedehus kl 15. Her vert det både markering av grunnlovsjubileet, song og musikk, loddsal og kortreist mat.

Program

Herleiv Rolfsnes held føredrag om Noreg si historie dei siste 200 åra. Det vert underhaldning ved elevar frå kulturskulen og song av Strandvik blandakor. I tillegg vert det allsong og loddsal.

Kortreist mat

Arrangørane - Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne - lovar kortreist mat frå Fusa: Snittar, kake og kaffi.

Inngangspengar kr 100 pr person. 

Senior- og funksjonsrådet ønskjer alle interesserte hjarteleg velkommen til markering av eldredagen 2014 i Fusa.

Sjå plakat. (PDF, 82 kB)

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30