Ekstramøte i UPM - vidare vurdering av innspel

Det er kome inn om lag 300 innspel til arealdelen av kommuneplanen. Tysdag 17. juni vert det ekstramøte i Utval for plan og miljø (UPM). Utvalet skal fatta eit prosessvedtak som gjeld vidare vurdering av innspela.

Det vart opna for å koma med innspel til arealplanen for Fusa kommune, og til den interkommunale strandsoneplanen for Sunnhordland og Hardanger, 28.11.2013 med frist 10.1.2014.

Totalt er det motteke om lag 300 innspel fordelt på 215 journalpostar. Innspela har vore vurderte opp mot retningslinjene for innspel til arealbruk (PDF, 529 kB), og det er gjort ei skriftleg vurdering av kvart innspel. Innspela har vore presenterte i Utval for plan og miljø over tre arbeidsmøte gjennomført 29.4., 13.5. og 23.5.2014.

Prosessvedtak

Det vert gjennomført eit ekstramøte i Utval for plan og miljø tysdag 17.6.2014. Der skal det fattast eit prosessvedtak som inneber at innspel vert vidare vurdert slik det går fram av vedlegga i saka. Det er rådd til at om lag 160 av 300 innspel vert med til vidare vurdering.

Dersom du har spørsmål eller kommentarar til behandling av innspela, må dette sendast skriftleg på epost til postkasse@fusa.kommune.no eller som brev til Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Det må gå klart fram av epost/brev kva nummer på innspel og kva tema det gjeld.

Snarveg: 

Sakspapir til møtet 17.6.2014

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.06.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30