Høyringar og kunngjeringar
(26.08.2019)

Det vert møte i utval for plan og miljø (UPM) torsdag 29. august klokka 16.00 i møterom Altaneset i 2. etasje i Fjorden arena i Eikelandsosen. Sjå sakspapir. Møtet er ope for alle interesserte. 

(12.08.2019)

Den vanlege førehandsrøystinga startar i dag 12. august og varer til og med 6. september. I Kommunetunet i Eikelandsosen kan du stemma måndag-fredag klokka 9-15. I tillegg vert det utvida opningstid nokre dagar. 

(29.07.2019)

I det siste møtet før ferien, 20.06.2019, godkjende kommunestyret kommunedelplan for akvakultur 2019-2027. Denne planen erstattar sjødelen i den gjeldande arealdelen av kommuneplanen for Fusa kommune 2015-2027. Dei to planane vert no slått saman.  

(14.06.2019)

Fusa kommunestyre har møte torsdag 20. juni kl. 12.00 i Eikelandsfjorden samfunnshus. På saklista står m.a. årsmelding og rekneskap for 2018, finansiering av kommunereforma og godkjenning av akvakulturplanen 2019-2027. Sjå møteinnkalling med sakspapir. Møtet er ope for alle interesserte.

(05.06.2019)

Multiconsult Norge AS varslar på vegner av Bolaks AS oppstart av detaljregulering innanfor delar av områdeplan for Samnøy industriområde, i medhald av plan- og bygningslova § 12-8. Frist for merknadar: 09.08.2019.

(05.06.2019)

I medhald av plan og bygninglsova (pbl) §12-10 har Utval for plan og miljø (UPM) 28.03.2019 vedteke å leggja detaljregulering for Femangerlaks AS ut til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfrist: 06.07.2019.  

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30