Kommunereforma
(13.04.2015)

Ordførar Hans S. Vindenes og rådmann Berit Fløisand inviterer til folkemøte om kommunereforma denne og komande veke. Målet er at flest mogleg av innbyggjarane skal få informasjon om prosessen kommunen er i og høve til å koma med innspel.

(09.04.2015)

Første fase i arbeidet med kommunereforma er sonderingsfasen, der det skal klarleggjast kva samanslåingsalternativ som skal greiast ut. Kommunestyret har vedteke prosjektplanen for sonderingsfasen (PDF, 250 kB).

(09.04.2015)

Fusa kommunestyre handsama saka "Kommunereforma - kommunestruktur - opplegg for prosessen i Fusa kommune og godkjenning av plan for første fase" (PDF, 333 kB) i møtet sitt i mars. Politikarane vedtok framlegget til overordna plan for prosessen og godkjende framlegget til prosjektplan for første fase - sonderingsfasen - som vi no er inne i.

(10.02.2015)

Fusa formannskap har felles formannskapsmøte med Kvam og Samnanger om kommunereforma onsdag 11.02.15 kl 12.00 i Rådhuset i Kvam herad, Norheimsund.  

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30