Kommunereforma
(27.04.2016)
Dei tre kommunane Fusa, Os og Tysnes tek sikte på å danna ein ny Bjørnefjorden kommune frå 1. januar 2020. Det er kommunestyra i dei tre kommunane som til slutt vedtek om dette skal skje eller ikkje. Arbeidet for ei eventuell kommunesamanslåing held fram i vår. Endeleg vedtak vert fatta 16. juni 2016
(27.04.2016)

Nedanfor følgjer datoar for møte og vedtak. 

(27.04.2016)

Det vert møte i styringsgruppa for kommunereforma onsdag 4. mai kl 18.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen.

(20.04.2016)

Dei tre kommunane Fusa, Os og Tysnes held i vår fram arbeidet for ei eventuell kommunesamanslåing. Les meir om kva som skal skje før endeleg vedtak vert fatta 16. juni 2016. 

(05.02.2016)

Rådmannen har lagt fram eit notat til møtet i styringsgruppa for kommunereforma (PDF, 158 kB), som finn stad tysdag 9. februar 2016. I oppsummeringa heiter det at det er eitt alternativ som peikar seg ut: Å gå i dialog med Os og Tysnes om korleis ein ny kommune kan riggast.

(04.02.2016)

"Administrativ rapport om ny kommunestruktur - Fusa, Kvam og Samnanger (PDF, 2 MB)" er klar. Rapporten er utarbeidd av Kvam herad i samarbeid med Fusa kommune. Samnanger kommune har vedteke å avslutta arbeidet med kommunesamanslåing, og dei har difor ikkje delteke i arbeidet med den felles rapporten.

(28.01.2016)

Det vert møte i styringsgruppa for kommunereforma tysdag 9. februar kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. Referatet frå førre møte (PDF, 41 kB) er publisert på heimesida. Sjå sakspapir (PDF, 158 kB) til møtet.

(23.12.2015)

Møtetidspunkt: Torsdag 7. januar kl. 16.00.  
Møtestad: Kommunetunet

(12.11.2015)
Telemarksforskning har hatt i oppdrag å utgreia ulike alternativ for kommunesamanslåing i Bjørnafjordsregionen, og rapporten (PDF, 607 kB) er no klar. Sjå også vedlegg til rapporten (PDF, 400 kB). Det er òg laga ein kortversjon av rapporten (PDF, 353 kB).
(04.06.2015)

Torsdag 11.06.2015 kl 17.00 (merk endra klokkeslett) vert det møte i styringsgruppa for kommunereformprosessen i Fusa kommune. Her finn du sakspapira.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30