Kommunereforma
(26.05.2016)

Det vert møte i styringsgruppa for kommunereforma torsdag 26. mai kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. På saklista står "Kommunereforma - info til folket". 

(26.05.2016)

Den reviderte intensjonsavtalen mellom kommunane Fusa og Os datert 25. mai 2016, inneheld ein revidert framdriftsplan for kommunereformprosessen.

(26.05.2016)

Forhandlingsutvala i kommunane Os og Fusa har revidert intensjonsavtalen for ny Bjørnefjorden kommune etter at Tysnes kommunestyre i møte 18. mai sa nei til intensjonsavtalen som var datert 9. mai 2016. Her kan du lesa den reviderte intensjonsavtalen (PDF, 363 kB), som er datert 25. mai 2016.

(24.05.2016)

På denne sida finn du saksdokument og vedtak frå kommunestyret si handsaming av kommunereforma i 2015 og 2016. 

(23.05.2016)

Det vart fremja to framlegg til vedtak knytt til intensjonsavtalen mellom Fusa, Os og Tysnes i møtet i styringsgruppa for kommunereforma 13.05.2016. Les referat frå handsaming og avstemming (PDF, 109 kB)

(20.05.2016)

Det vert møte i styringsgruppa for kommunereforma søndag 22.05.2016 kl. 18.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen.

(10.05.2016)

Dei politiske partia har gruppemøte i Kommunetunet onsdag 11.05. og torsdag 12.05. kl 18.00 i samband med ekstramøte i styringsgruppa for kommunereforma (fredag 13.05. kl 08) og ekstramøte i kommunestyret (onsdag 18.05. kl 17). 

(09.05.2016)

I samband med kommunereforma vert det ekstramøte i kommunestyret onsdag 18.5. kl. 17.00 for m.a. å behandla intensjonsavtalen. Møtet finn stad i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen og er ope for alle interesserte. 

(06.05.2016)

Det vert møte i styringsgruppa for kommunereforma fredag 13.5. kl. 08.00. Møtet finn stad på møterom 126 i Kommunetunet i Eikelandsosen. Sjå sakspapir (PDF, 2 MB).

(27.04.2016)

Det er mykje usikkerheit knytt til kva ei eventuell kommunesamanslåing vil ha å seia for innbyggjarane og dei kommunale tenestene. Denne usikkerheita ønskjer vi å ta på alvor, og leggja til rette for ein open, ærleg og raus debatt. Framlegget til intensjonsavtale mellom Fusa, Os og Tysnes inneheld føringar for korleis og i kva for kanalar vi vil informera om det vidare arbeidet.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30