Nytt frå landbrukskontoret
(11.02.2014)

Det første informasjonsskrivet frå Bjørnefjorden landbrukskontor i 2014 (PDF, 621 kB) er klart. Her finn du nytt frå landbrukskontoret og informasjon om produksjonstilskot 1. halvår, Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), dreneringstilskot og viktige søknadsfristar. Inforskrivet inneheld òg forskingsnytt frå Bioforskkonferansen (sjå eigen artikkel).

(11.02.2014)

Bioforskkonferansen 2014 vart arrangert på Hamar i byrjinga av februar. Husdyr, grovfor, agronomi, kulturlandskp og miljø var mellom tema som stod på dagsorden. Og det vart vist til at det norske familielandbruket er både tilpassingsdyktig og effektivt.

(16.12.2013)

Vil du vera med å utvikla nye typar fôringsplassar? Klimaendringar, utviding av beitesesong, og sterkare fokus på miljøvenleg beitedrift krev nye måtar å byggja fôringsplass på. Vi treng pilotar! Send idéskisse med enkel teikning og beskriving til Fylkesmannen i Hordaland: fmhopostmottak@fylkesmannen.no. Frist: 15. januar 2014.

Sjå fullstendig infoskriv (PDF, 99 kB).

(22.10.2013)

Det er lyst ut regionale tilskot til drift av beitelag for 2013 med søknadsfrist 15. november. Ordninga er del av dei regionale miljøtilskota i Hordaland og har heimel i forskrift om tilskot frå Regionalt miljøprogram (RMP). Beitelaga v/leiar skal søkja elektronisk via Altinn. 

(15.10.2013)

Laurdag 19. oktober kl 11 vert det skipa til skogdag på Baldersheim. På programmet står m.a. vedlikehald av skogsvegar, planting/ungskogpleie, skogplanar og skogskaffi. Tilskiparane er Midthordland skogeigarlag, Tysnes skogeigarlag og Bjørnefjorden landbrukskontor.

(15.10.2013)

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Økonomiforbundet inviterer til kurs for bønder, rekneskapsførarar og landbruksrådgjevarar i Bergen 13.11.2013. Temaet er grunnleggjande produksjonskunnskap og produksjonsøkonomi. Sjå innbyding (PDF, 239 kB).

(15.10.2013)

Bjørnefjorden landbrukskontor vil med ujamne mellomrom senda ut eit informasjonsskriv til bøndene via epost. Det kan òg lesast her på nettsida vår.

Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30