Arealplan
(19.02.2015)

Konsulentfirmaet Asplan Viak har avslutta sitt arbeid med å konsekvensutgreia om lag 100 innspel, som UPM i juni 2014 valde å ta med vidare i planprosessen. I dag 19. februar får Utval for plan og miljø (UPM) ei orientering om resultatet av dette arbeidet og den vidare framdrifta.

(19.11.2014)

Tysdag 25. november er den nye arealplanen for Fusa tema i Regionalt planforum. Her får kommunen høve til å drøfta utvalde problemstillingar knytt til arealplanen som er i kjømda, med representantar frå fylket og andre regionale instansar med sektormynde. 

(11.07.2014)

Fusa, Os og Samnanger ønskjer å laga ein interkommunal næringsarealplan for å utvikla og styrkja næringslivet i Bjørnefjordsregionen. Planprogrammet ligg til gjennomsyn i Os, Fusa og Samnanger kommune fram til 16.08.2014, på heimesidene (PDF, 873 kB) og i ekspedisjonen.

(25.06.2014)

Utval for plan og miljø handsama innspela til arealplanen i ekstramøte 17.06.2014. Konsulentfirmaet Asplan Viak går no i gang med konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) før ny politisk prioritering og utarbeiding av sjølve arealplanen.

(12.06.2014)

Det er kome inn om lag 300 innspel til arealdelen av kommuneplanen. Tysdag 17. juni vert det ekstramøte i Utval for plan og miljø (UPM). Utvalet skal fatta eit prosessvedtak som gjeld vidare vurdering av innspela.

(07.05.2014)

Utval for plan og miljø (UPM) har ansvaret for arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. UPM skal ha to informasjons- og arbeidsmøte i mai:

  • Tysdag 13. mai kl 9-16
  • Fredag 23. mai kl 9-15

Utval for plan og miljø skal i møte 5. juni gje si fyrste innstilling i planarbeidet.

I veke 25 vert det lagt opp til eit folkemøte/informasjonsmøte.

(26.03.2014)

Tysdag 25. mars var det temamøte på Tønnegarden om arealplanen som no er under rullering. Lokalpolitikarar og representantar frå fylkeskommunen og Fylkesmannen deltok for å få og gi informasjon om status for arbeidet så langt og koma med innspel til den vidare planprosessen.

(07.01.2014)

Fristen for å koma med konkrete innspel til arealbruk i Fusa kommune i samband med ny arealplan er utsett til fredag 10. januar. Innspela skal skrivast inn i eit skjema laga for formålet. Sjå retningsliner for innspel og tilhøyrande skjema og planprogrammet.

(28.11.2013)

Tidleg i desember vert det arrangert tre folkemøte rundtom i kommunen med informasjon om arealplanarbeidet: 2., 5. og 9.12. Her vert det både gitt rettleiing i korleis ein skal koma med innspel og informert om planarbeidet. Både ordførar, leiar i planutvalet og arealplanleggjar vert med på møta. Alle interesserte er velkomne!

(07.11.2013)

Det er no høve til å koma med konkrete innspel til arealbruk i Fusa kommune. Innspela skal skrivast inn i eit skjema laga for formålet. Sjå retningsliner for innspel og tilhøyrande skjema (PDF, 529 kB) og planprogrammet (PDF, 813 kB). Frist for innspel er 3. januar 2014

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30