"ASVO-samanknyting" 8.3.2019
(11.03.2019)

Asvo Fusa og Os Asvo slår seg saman. Det vart markert med ope hus og offisiell "samanknyting" fredag 8. mars i Os Asvo sine lokale i Industrivegen 96 på Os. Sjå fleire foto frå markeringa på "Midtsiden". 

8. mars-logo
(06.03.2019)

Velkommen til fest i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen på den internasjonale kvinnedagen 8. mars klokka 19. Arrangementskomiteen inviterer til å dela erfaringar, historier, dikt, mat, dans, song, prat, og bokutstilling i biblioteket. Arrangementet er gratis.

Postkasser
(04.03.2019)

Folketalet i Fusa minka med 59 personar i 2018. Det utgjer ein nedgang på 1,5 %. Ved inngangen av 2019 var 3 861 personar folkeregistrerte i kommunen. Nedgangen skuldast fødselsunderskot og netto utflytting.

Etablering i eigen bustad
(28.02.2019)

Personar som ikkje klarer å betena eit startlån som er stort nok til å finansiera ein egna bustad, kan få tilskot til etablering.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa