Nyutdanna helsefagarbeidarar FBBS 2012
(02.04.2012)

Fusa kommune har fått tre nye helsefagarbeidarar i vinter. To av dei gjekk opp til fagprøve som praksiskandidatar, medan ei har gått vanleg lærlingeløp. Alle tre er i arbeid på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS). Dette er svært dyktige medarbeidarar og gode kollegaer, skryter einingsleiar Gerd Syvertsen. Fusa kommune gratulerer!

Kollektiv-støtte1
(26.03.2012)

Fusa har fått kr 50 000 i tilskot frå Samferdsledepartementet til to tiltak som skal betra kollektivtilbodet til folk i Fusa. Statssekretær i Samferdsledepartementet Sigrid Brattabø Handegard, heimehøyrande i Jondal, kunngjorde vedtaket om løyvinga i møte med ordførar Hans Vindenes og leiar i ungdomsrådet Siv Eikeland.

Polinese på FBBS 12.3.2012
(14.03.2012)

Måndag 12. mars fekk alle kommunalt tilsette sjansen til å vera med på den etter kvart så vidgjetne polinesen gjennom gangane på Fusa bu- og behandlingssenter. Tilsette frå fleire einingar nytta dette høvet, og fekk med seg spasertur med Fusa-rebus og internasjonalt koldtbord attåt.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa