Fusanisto i Eidegrend klyngjetun
(04.09.2012)

Den siste augustdagen i år la 6. klassingane i Fusa ut på ei reise i tid og rom - tilbake til "gamledagar" på Eidegrend klyngjetun i Hålandsdalen. I sol og finevêr fekk dei læra litt om livet i eit klyngjetun, byggeskikk og Eide si tid som kommunesenter.  

Bibliotekar Margrethe Ø. Ask
(30.08.2012)

Fusa folkebibliotek som held hus i Kommunetunet i Eikelandsosen får fast laurdagsope kvar laurdag frå 1. september. Opningstida er kl 10.00-14.00.

Biblioteket har gjennom fleire år hatt laurdagsope ein laurdag i månaden. No vert tilbodet utvida for å gje eit betre tilbod til publikum.

Fusa ungdomsråd 2011
(30.08.2012)

Fusa ungdomsråd skal veljast på ny ved oppstart av nytt skuleår. Rådet skal ha 7 medlemer. 2 av desse kan veljast fritt mellom ungdom busett i Fusa som er 25 år eller yngre. Det skal også veljast personlege varamedlemer. Funksjonstida er 1 år. Alle interesserte kan koma med forslag til kandidatar innan fredag 14. september. Du kan gjerne foreslå deg sjølv!

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa