Excavator på Barnas festspilldag
(29.05.2012)

Fusa kulturskule var representert med to rockeband på Barnas festspilldag 25. mai. Det var Excavator og Blue Heavan som fekk æra av å vera med på dette tradisjonsrike arrangementet i år. Barnas festspilldag samlar unge musikalske krefter frå heile Hordaland.

Militær eksersis på Engevik gaard
(15.05.2012)

Fredag 11. mai var alle 6. klassingane i Fusa samla til aktivitetsdag på den gamle offisersgarden frå 1700-talet. Militær eksersis var sjølvsagt del av programmet. Aktivitetsdagen var ein del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto".

Vegopning på Holmefjord
(09.05.2012)

Måndag 7. mai var det høgtidleg opning av ny gang- og sykkelveg frå Holmefjord sentrum fram til Nore Fusa oppvekstsenter. Vegen forbi skuleområdet i retning Samnøy er også utbetra og ferdigstilt.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa