Utstilling i Glasgato
(25.06.2012)

Tysdag 26. juni kl 12.00 er det offisiell opning av ei fargesterk sommarutstilling i Glasgato i Kommunetunet med arbeid av Raul Jesus. Raul er opphavleg frå Portugal, men har dei to siste åra budd i Eikelandsosen. Dei fleste bileta er til sals. Utstillinga står til 24. august.

Avsluttande fest 10. klasse
(22.06.2012)

Elevane som gjekk ut av 10. klasse ved Fusa ungdomsskule denne veka, kan visa til svært gode eksamensresultat. Gjennomsnittskarakteren frå munnleg eksamen vart heile 4,45. Til skriftleg eksamen var den eine klassen oppe i norsk og den andre i matematikk. Her vart snittet 3,9 i hovudmål og 3,25 både i sidemål og matematikk.

Ordførar med karatejenter
(22.06.2012)

Karatejentene Lena Skåtun og Camilla Straumsnes, som har hatt stor suksess i EM, fekk velfortent heider i kommunestyret onsdag 20. juni.

Folkehelse: Barn på ny gang- og sykkelveg
(22.06.2012)

Korleis står det til med folkehelse og levekår i Fusa anno 2012? Dette kan du finna svar på i ein rykande fersk oversiktsrapport om folkehelse og levekårsutfordringane i Fusa kommune. Rapporten er laga av kommuneoverlege Camilla Hovig og folkehelsekoordinator Ellen Strøm Synnevåg. Dei konkluderer med at dei aller fleste har god helse og føresetnader for gode og lange liv i Fusa, men også her er aukande sosiale forskjellar ei utfordring framover.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa