Ingen grenser med Lars Monsen og Fredrik A. Thorsen
(25.10.2012)

Fredag vert alle kommunalt tilsette med følgje inviterte til Fusa-i-farten-fest i Kulturløo på Helland. Den store attraksjonen i år er Lars Monsen, som dei fleste kjenner frå TV, ikkje minst frå serien "Ingen grenser", der vår eigen Fredrik A. Thorsen var med. Monsen kåserer i ord og bilete om livet i villmarka. På menyen står det høveleg nok viltbuffet.

TV-aksjonslogo 2012
(25.10.2012)

Søndag 21. oktober vart TV-aksjonen til inntekt for Amnesty International sitt arbeid for menneskerettar skipa til. Det kom inn over 200 millionar kroner. Lokalt vert TV-aksjonen organisert av Fusa frivilligsentral. Fusingane synte også i år stor gjevarglede. Bøsseberarane i Fusa samla inn kr 126 031. Gunn Tove Rød i frivilligsentralen takkar alle som deltok i dette viktige dugnadsarbeidet.  

Fusa midt i blinken-varemerke stort
(25.10.2012)

GROM Design, som har stått for utviklinga av Fusa kommune sin nye visuelle identitet, har òg laga eit nytt varemerke knytt til "Fusa midt i blinken". Ønsket er at lag og organisasjonar, arrangørar og næringsliv i Fusa tek det nye merket i bruk på plakatar, annonser, brosjyrer, nettsider o.l

Stor papirbehaldar frå BIR
(08.10.2012)

Dei vanlege papirbehaldarane til BIR er på 140 liter. Dersom du er mellom dei som har overfylte papirdunkar, kan du no få byta til ein større (240 l) utan at det kostar noko. Du kan ordna det på BIR si heimeside eller ved å ringja Kundesenteret på tlf 815 33 030.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa