Aktiv SFO-3
(15.02.2013)

Det politiske vedtaket om å endra SFO-tilbodet i Fusa til berre ei opphaldstid - 100 % - og samtidig auka prisen til kr 2150 pr mnd, skal vurderast på nytt. Målet var å auka inntektene i oppvekstsektoren. Resultatet vart eit anna: F.o.m. 1. mars har 49 av 113 barn sagt opp plassen sin i skulefritidsordninga (SFO). Formannskap og kommunestyre handsamar saka på nytt 20.2. og 5.3.

Frivilligprisen 2011
(13.02.2013)

 

Fusa frivilligsentral skal i år dela ut Frivilligprisen for 4. gong. No ber dei fusingane koma med forslag til kandidatar. Det kan vera enkeltpersonar, grupper eller lag. Forslaga må ha ei skriftleg grunngjeving. Innsendingsfristen er 18. mars. Frivilligprisen er oppretta for å løfta fram frivillig innsats og gje litt oppmuntring, ros og takk for innsatsen.  

Holdhusmadonnaen i originalfargar
(11.02.2013)

 

I fjor sommar kom Holdhusmadonnaen tilbake til gamlekyrkja på Holdhus etter å ha vore til konservering og "oppussing" hjå NIKU - Norsk institutt for kulturminneforsking. No er det laga ein digital rekonstruksjon av figuren med animasjon som syner opphavlege fargar og mønster.

Tromming på FBBS 2
(07.02.2013)

 

 

Tysdag 5. februar hadde Fusa bu- og behandlingssenter og dagsenteret Fjordblikk besøk av Trommelars. Lars Kolstad er ute på turne med programmet "Trommesirkel" og gjorde stor suksess i Fusa. 

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa