restaurert_maria_m._jesusbarnet-portrett.jpg
(18.07.2012)

Det er mykje å sjå og oppleva i sommar-Fusa. Fastbuande og tilreisande kan få med seg unik kyrkjekunst i Holdhus kyrkje, måleriutstillingar i Glasgato i Kommunetunet og på Engevik Gaard, sommarkonsertar på Eikhaugen Gjestegard og kystkulturdagar under Kystsogevekene.

FBBS-konsert 12.07.12
(16.07.2012)

Torsdag 12. juli lydde det bluegrassrytmar frå stova på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) i Eikelandsosen. Earlybird Stringband med fusingen Hans Martin Austestad inviterte bebuarar og tilsette til gratiskonsert, og FBBS melder om ei flott oppleving for alle.

Eikelandsosen helsesenter - tilsette og Lifepak-maskin
(29.06.2012)

Legetenesta i Fusa vert frå 1. juli samla i Eikelandsosen helsesenter. Legekontoret på Fusatun vert lagt ned frå same dato. Både legevakt og alle fastlegane har kontora sine i Eikelandsosen helsesenter.

Utstilling i Glasgato
(25.06.2012)

Tysdag 26. juni kl 12.00 er det offisiell opning av ei fargesterk sommarutstilling i Glasgato i Kommunetunet med arbeid av Raul Jesus. Raul er opphavleg frå Portugal, men har dei to siste åra budd i Eikelandsosen. Dei fleste bileta er til sals. Utstillinga står til 24. august.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa