Opning av tenestekontoret 29.1.2013
(29.01.2013)

 

 

 

Tysdag 29. januar opna Tenestekontoret i Fusa kommune. Kontoret er oppretta for å samla sakshandsaminga for helse- og omsorgstenestene i kommunen. Betre kompetanse, betre oversikt og rettferdig fordeling av tenester er målet.

Strandvik kyrkje
(29.01.2013)

 Også tysdag 29. januar vert det høve til å koma til Strandvik kyrkje for dei som ønskjer å samlast, tenna lys eller ha ei stille stund for seg sjølv. Kyrkja er opa kl 16-18 og kl 19-20. Det er samling for konfirmantane som soknar til Strandvik kyrkje kl 18-19.

Oppvekstsenteret vårt
(28.01.2013)

 

Det har vore opa kyrkje i Strandvik frå kl 12 i dag. Ho vert verande opa utover på tidleg kveldstid måndag 28. januar.

Dei pårørande vert følgde opp av kommunen sitt psykososiale kriseteam, i tråd med deira retningsliner. Representantar frå kriseteamet har også vore med på samlingane på dei tre skulane i dag. 

Strandvik kyrkje
(28.01.2013)

Den alvorlege trafikkulukka i Fusa i går, der to menneske omkom, ramma ein familie frå Strandvik svært hardt.

 

Ulukka berører heile fusasamfunnet. I dag tidleg har det vore samlingar på skulane til dei tre barna: Strandvik oppvekstsenter, Fusa ungdomsskule og Fusa vidaregåande skule.

Det er opa kyrkje i Strandvik frå klokka 12 og utover dagen måndag 28. januar.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa