Møteklubbe
(18.06.2018)

Det vert møte i kommunestyret torsdag 21. juni klokka 10.00 i Eikelandsfjorden samfunnshus i Eikelandsosen. Merk tid og stad! Møtet er ope for alle interesserte. På saklista står m.a. tertialrapport, brannstasjon, ny ungdomsskule og områdeplan for Strandvik. Sjå sakspapir.

Bål
(14.06.2018)

Brannsjefen i Fusa opphevar forbodet mot bruk av all eld utandørs frå og med i dag, 14. juni. Det er no lov til å gjera opp eld på stader der det openberrt ikkje kan medføra brannfare. Elles gjeld det generelle forbodet mot gjera opp eld i terrenget 15. april-15. september.

Leikande barn på sommar-sfo 2014
(13.06.2018)

Ein fersk rapport kartlegg levekår og helse for barn og unge i Fusa. Rapporten omfattar m.a. oppvekst- og levekårsforhold, fysisk og sosialt miljø, helserelatert åtferd og helsetilstand. Rapporten skal vera eit kunnskapsgrunnlag i arbeidet med å redusera helserisiko og styrkja det som fremjar fysisk og psykisk helse.

Kommunevåpenutstilling
(08.06.2018)

Fredag 8. juni var det opning av utstilling i Kommunetunet med 6. klassingane i Os og Fusa sine forslag til kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune. Alle barneskulane i Fusa har vore med, men Søre Fusa skule var heldige å bli trekt ut til vinnar av gåvekort på kroner 5.000. Alle bidraga er lagt ut digitalt på bjornafjordenkommune.no.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa