Reguleringsplan
(13.03.2013)

 

”Byggesak, oppmåling og brann” som også omfattar plansaker, har for tida svært lang sakshandsamingstid. Dette skuldast vakante stillingar innan ansvarsområdet. Det går spesielt utover plansakshandsaming, men også andre saker som er tillagt dette ansvarsområdet.

Fusa kommune arbeider heile tida med å finna gode løysingar. Publikum må likevel rekna med at dette vil vara ved fram til det igjen er full bemanning på ”Byggesak, oppmåling og brann”.
 

Hardingfelespelar
(07.03.2013)

Søknadsfristen for elevopptak til Fusa kulturskule for neste skuleår er forlenga til 15. mars. Det er framleis ledige plassar på dei fleste tilbod. 

Elektronisk søknadsskjema

Postkasser
(04.03.2013)

 

Det går rett veg igjen med folketalet i Fusa: I 2012 auka det med sju personar. Dette syner dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå. Pr 1.1.2013 var innbyggjartalet vårt 3818. Auken kjem av innvandring. 

Stupebrett i Skjelavikjo
(27.02.2013)

 Fusa kommune skal laga ny Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2013-2019. No ønskjer ein innspel til nye anlegg på kort og lengre sikt.

Utfordringa går til både idrettslag, skyttarlag, bygdeutval, velforeningar og andre som har frist til 8. april med å koma med idear og planar for små og store anlegg.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa