Kollektiv-støtte1
(26.03.2012)

Fusa har fått kr 50 000 i tilskot frå Samferdsledepartementet til to tiltak som skal betra kollektivtilbodet til folk i Fusa. Statssekretær i Samferdsledepartementet Sigrid Brattabø Handegard, heimehøyrande i Jondal, kunngjorde vedtaket om løyvinga i møte med ordførar Hans Vindenes og leiar i ungdomsrådet Siv Eikeland.

Polinese på FBBS 12.3.2012
(14.03.2012)

Måndag 12. mars fekk alle kommunalt tilsette sjansen til å vera med på den etter kvart så vidgjetne polinesen gjennom gangane på Fusa bu- og behandlingssenter. Tilsette frå fleire einingar nytta dette høvet, og fekk med seg spasertur med Fusa-rebus og internasjonalt koldtbord attåt.

Kommunetunet februar 2012
(27.02.2012)

Målingar av radongass i kommunale bygningar i Fusa viser for høge verdiar i Kommunetunet i Eikelandsosen. Radon er ein radioaktiv gass som vert danna kontimuerleg i berggrunnen frå uran.

Statens strålevern tilrår ei tiltaksgrense på 100 bequerel (Bq/kb.m) og ein maksgrenseverdi på 200 Bq i nasjonal strategiplan (2009). I Kommunetunet er det målt frå 285 til 1810 Bq.

Holmefjord barnehage
(27.02.2012)

1. mars er felles søknadsfrist for plass i barnehage, skulefritidsordning og kulturskule i Fusa kommune. I år må alle bruka elektronisk søknadsskjema her på heimesida.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa