Camilla Straumsnes
(07.06.2012)

Camilla Straumsnes vart i helga europameister i karate for junior. Meisterskapen gjekk i Paris, og sigeren kom i individuell kata i klasse 16-17 år. Lena Skåtun fekk bronse i kumite, og begge Fusa-jentene var med på det norske sølvlaget i lagkonkurransen. Det vart altså heile fire medaljar til Fusa karateklubb i EM! Fusa kommune gratulerer!

Container for hytteavfall
(07.06.2012)

Streiken som har ramma BIR-kundane, er over og onsdag 6. juni starta BIR innsamling av restavfall igjen frå hushaldskundane. Restavfallet vert henta på den vanlege tømmedagen. Det er lov å setja ut ekstra bossekk ved sidan av bosspannet. BIR ber om forståing for at henterundane kan ta noko lenger tid enn vanleg med alt boset som har samla seg opp.

Illuminated
(06.06.2012)

For niande gong deler Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping ut "Drømmestipendet" til 100 unge kulturutøvarar frå heile landet. Ein fusaungdom er mellom dei heldige stipendvinnarane: Ingeborg Vangsnes, som stilte i kategorien visuell kunst.

Naustrekkja i Strandvik
(30.05.2012)

Fusa kommune har føreslått Strandvik-bygda som kandidat til den regionale kulturlandskapsprisen for 2012. Tysdag 29. mai var deler av juryen på synfaring for å vurdera kandidaten.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa