Trond Mohn Games
(20.05.2019)

Vil du ha gratisbillettar til Trond Mohn Games på Fana stadion onsdag 22. mai? Fusa kommune deler ut fribillettarer. Kontakt ekspedisjonen i Kommunetunet.

Trygg bålbrenning.jpg
(20.05.2019)

Det er finevêr og sesong for grilling og bål. Samtidig er det tørt i terrenget og skobrannfare. Brannsjef Gunnar Hatlelid oppmodar difor alle om å vera varsame og retta seg etter råda for trygg bålbrenning

(20.05.2019)

Folketalet i Fusa minka med 12 i første kvartal 2019 til 3 849 registrerte innbyggjarar. Dette viser dei ferske tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det vart fødd like mange som det døydde (8 personar), medan det var fleire som flytta frå Fusa enn til.

Embetsmannsgarden Engevik Gaard - ein arv frå dansketida i Fusa
(16.05.2019)

Onsdag 15. mai var alle 6. klassingane i Fusa samla til aktivitetsdag på Engevik Gaard. Rett før 17. mai var det dansketida og 1814 som stod på programmet. I tillegg til historieundervisning på offisersgarden frå 1700-talet, fekk elevane prøva seg på militær eksersis og krokett, teikna våpenskjold og sjå seg om i dei mange bygningane på tunet.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa