Reisebrev frå Torino-OL 2006

OL i Torino er over. Det vart ingen stor norsk suksess og heller ikkje noko triumfferd for dei deltakande utøvarane som er busette i Fusa. Kanskje er det likevel grunn til å sjå dette i eit større perspektiv enn det norske sportsjournalistar og dei største lokalpatriotane maktar.

Det vart mange medaljar på vår vesle nasjon, og Fusa kommune og Hålandsdalen kunne nok ein gong sola seg i glansen av å ha deltakarar i ein vinterolympiade. Ikkje verst i snøfattige strok på Vestlandet!

Liv Grete og Raphael kjempa i toppen i fleire løp, og vi har all grunn til å gratulera våre franske fusing med bronsen på stafetten. Den var viktig både for Raphael og Frankrike.

Torino ligg nær den franske grensa, og frå skiskyttarstadion i San Sicario kan ein sjå over til Frankrike. For Raphael Poiree vart dette som å konkurrera på heimebane. Det var mange franskmenn på tribunane og stort trykk frå franske medier. Dette presset vart ikkje noko mindre etter at det vart fransk gull på både på herre- og damesida.

Raphael vart diverre den store ulukkesfuglen i dette OL. Han trøbla med feil på ammunisjon i to av løpa og øydela skia i eit tredje. På stafetten var det difor ekstremt press på Raphael sine skuldre. Det såg ut til at han hadde spolert medaljesjansane heilt etter tre bom på siste ståande, men ein sterk sisteetappe gjorde at han spurtslo ein vaklande Carl-Johan Bergmann.

Dette vart jo eit reint lokaloppgjer og fusingane på tribunen heia på begge to! Svenskane feira likevel fjerdeplassen som om det var medalje, og Raphael slapp å bli den store syndebukken. Han var tydeleg letta over å ha vunne bronsemedaljen.

Liv Grete gjorde ein kjempeetappe på damestafetten. Berre så synd at dei andre tre norske var langt under pari. Då vi kom til fellestarten, gjorde først Raphael eit svakt løp etter tekniske problem med ammunisjon, og Liv Grete var utlada og ikkje i slag. For Liv Grete hadde det likevel vore eit OL der ho hadde vore med å kjempa heile vegen. På same måte som Carl-Johan Bergmann vil tenka tilbake på sine manglande 6 cm i kampen om bronse på stafetten, vil nok Liv Grete minnast siste ståserien på 15 km normalprogram med gru. Så nær! Og så var det også same distanse ho nesten vann i Salt Lake City. Den gong var det farten i sporet på siste runden som gjorde utslaget.

Liv Grete har vore ein stor profil i norsk vinteridrett gjennom mange år og var det også i denne olympiaden. Humøret var der og stridslysten også. Vi kan ikkje rekna med at ho er på startstreken i neste olympiade i Vancouver, Canada i 2010. Vi kan heller ikkje rekna med at det er andre fusingar med då, sjølv om det er eit visst håp om at våre "innlånte fusingar" Raphael og Carl Johan kan vera med så langt fram.

For den store kontingenten som fekk oppleva OL i røynda, gjennom opplegget til Fusa Biathlon Fanclub, var det eit opphald med mange inntrykk og opplevingar. Denne delen av alpane er eit praktfullt skue, og på fine dagar var det ei stor oppleving berre å ta seg fram med buss frå basen i Briancon på fransk side til skiskyttarstadion i Italia.

Briancon var ein spennande by som kunne by på mange aktivitetar. Alpinanlegget hadde nedfart midt i sentrum. Det var ishall og badeland. Den fascinerande gamlebyen med sine smale smett og smau ligg innanfor høge murar og festningsvollar og er kandidat til å koma på Unesco si liste over verdas kulturarv på lik line med Bryggen i Bergen og pyramidane i Egypt.

Det som likevel sit att som dei finaste minna, var den gode kontakten ein fekk med franskmenn både der me budde, undervegs på bussane og på stadion. Alle elska Liv og Raph, og franskmenn song med på fanclubben sine hyllingskvad og var storleg begeistra. Det at den norske fanklubben heia på både Noreg og Frankrike, gjorde at ein fekk ei forbrødring som var heilt eineståande og i beste olympiske ånd. Det italienske vertskapet med sine mange hundre frivillige var også positivt.

Publisert av Erik Vangsnes. Første gong publisert 03.01.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30